Innovasjonsstudiet blir lagt til Lillehammer og Gjøvik
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 07.08.2013
Høgskulane i Lillehammer og Gjøvik får tilskot til utvikling av innovasjonsstudium for kommunesektoren. – Skulane viser god innovasjonskompetanse, og presenterer eit opplegg som verkar svært relevant for kommunesektoren, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Høgskulane i Lillehammer og Gjøvik får tilskot til utvikling av innovasjonsstudium for kommunesektoren. – Skulane viser god innovasjonskompetanse, og presenterer eit opplegg som verkar svært relevant for kommunesektoren, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa sitt mål er at kommunane skal tilby minst like trygge og fagleg sterke tenester i framtida som i dag. For å nå dette målet må kommunane tenke nytt.
- Eit innovasjonsstudium kan gje kommunetilsette viktig kunnskap og praktisk erfaring i dette arbeidet, seier statsråden.
Høgskulen i Lillehammer får saman med Høgskulen i Gjøvik 1,5 millionar kroner for å starte opp og utvikle eit innovasjonsstudium for tilsette i kommunane. Totalt var det elleve søkjarar på tilskotet, som blei lyst ut i mai.
- Den store interessa er svært positiv, og syner at innovasjon i kommunesektoren er høgt oppe på dagsorden også hjå utdanningsinstitusjonane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Blant mange gode søkjarar, blei søknaden frå Høgskulen i Lillehammer og Gjøvik vurdert å vere den beste. Skulane legg opp til eit samlingsbasert studium, og har utvikla studiet på bakgrunn av innspel frå referansepanel med kommunale leiarar.
Innovasjonsstudiet skal medverke til å utvikle og spreie kunnskap om innovasjonsprosessar i kommunane. Målet er å starte opp studiet i løpet av neste år.
Studiet skal vere tilgjengeleg for deltaking frå kommunalt tilsette i heile landet.
Tiltaket er ein del av regjeringa sin innovasjonsstrategi for kommunesektoren, som blei lagt fram i april i år.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.