Historisk arkiv

Kommunane gjev gode tenester og har god økonomistyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Dei reviderte KOSTRA-tala for 2012 syner at kommunane leverer gode tenester på skule, omsorg, barnehagar og barnevern, samstundes som dei økonomiske resultata er tilfredsstillande.

Dei reviderte KOSTRA-tala for 2012 syner at kommunane leverer gode tenester på skule, omsorg, barnehagar og barnevern, samstundes som dei økonomiske resultata er tilfredsstillande.

– I tillegg veit me gjennom innbyggjarundersøkinga at folk er meir nøgd med tenestene. Difor er det grunn til å rose kommunar og fylkeskommunar i dag, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Dei førebelse KOSTRA-tala frå SSB syner at kommunane og fylkeskommunane har sytt for nesten 4350 fleire årsverk i kommunesektoren i 2012. 

- Kommunane gjev folk ein utviklande skule, trygge barnehagar og god omsorg. Difor er det bra at dei har nytta midlar på å tilsette enda fleire velutdanna og kompetente medarbeidarar, seier statsråden.

I pleie- og omsorgssektoren kom det i 2012 til 2400 nye årsverk. Det gjev ein auke på vel 24.000 årsverk for perioden 2005-2012. 

- Regjeringa er i rute til å nå årsverksmålet i omsorgsplan 2015. I alt har det kome nesten ti nye årsverk innan pleie- og omsorg i kommunane kvar einaste dag dei siste seks åra. Fleire legar på sjukeheimane tydar og på betre kvalitet og tryggleik i tenestene, seier Navarsete.

Fleire barn har fått plass i barnehagar. Delen barn frå eitt til fem år med barnehageplass er auka frå 89,6 prosent i 2011 til 90,1 prosent i 2012.

Samla hadde kommunesektoren eit netto driftsresultat på 3,1 prosent i fjor. Ein av grunnane til det gode resultatet, er dei ekstra skatteinntektene som kom på slutten av 2012. Kommunane utan Oslo hadde eit resultat på 2,6 prosent, fylkeskommunane på 5,2 prosent, medan Oslo kommune hadde 3,6 prosent.

- Den finansielle stillinga for sektoren er stabilt god, samstundes som vi ser at kommunane byggjer ut tenestene. Situasjonen er likevel ulik frå kommune til kommune. Difor er det viktig at kvar kommune legg opp aktiviteten etter sin økonomiske situasjon, seier Navarsete.

(Oslo kommune ligg ikkje inne i tala for auke i årsverk frå 2011 til 2012)


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00