Historisk arkiv

Kompensasjon til flaumramma kommunar i Gudbrandsdalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet vil kompensere kommunane i Gudbrandsdalen for utgifter dei får som følgje av flaumen i mai.

Kommunal- og regionaldepartementet vil kompensere kommunane i Gudbrandsdalen for utgifter dei får som følgje av flaumen i mai.

Fleire av kommunane i Gudbrandsdalen blei i mai i år ramma av flaum på same stad som for to år sidan. Enkelte stader vil ein ikkje tilrå å byggje opp att bustader og infrastruktur på same stad som tidlegare.

- Difor er det viktig å leggje til rette for at folk kan byggje opp bustadene sine i trygge omgjevnader. Eg er glad for at me no saman med kommunane har funne ei god løysing i ein vanskeleg situasjon, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet vil bidra med skjønsmidlar til å byggje ut den kommunale infrastrukturen. Departementet vil kompensere for utgifter til utbyggjing av kommunale vegar og kommunale vatn- og avløpsledningar fram til dei nye tomtene.

Dette er del av eit spleiselag, der føresetnaden er at kommunane mellom anna stiller med nye tomter.

Departementet gjev som tidlegare skjønsmidlar som kompensasjon for kommunale utgifter til opprydding og til reparasjon av eksisterande kommunal og fylkeskommunal infrastruktur, slik som vegar og vatn- og avløpsledningar.

Kompensasjonen blir ein delvis kompensasjon. Kommunane får dekka halvparten av dei ekstraordinære utgiftene sine etter naturskade. Kommunar som har hatt utgifter over 500 kroner per innbyggjar, vil få kompensert alt utover 250 kroner per innbyggjer. Kommunane kan som tidlegare sende søknad om skjønsmidlar til fylkesmannen. Fylkeskommunar kan sende søknad direkte til Kommunal- og regionaldepartementet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.