Lokale skattar har liten innverknad på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 29.06.2013
Ein ny studie tyder på at lokale skattefaktorar som utjamningsgrad, skattedel og eigedomsskatt har liten innverknad på kommunane sitt næringspolitiske engasjement.
Ein ny studie tyder på at lokale skattefaktorar som utjamningsgrad, skattedel og eigedomsskatt har liten innverknad på kommunane sitt næringspolitiske engasjement.
Det er Senter for økonomisk forskning (SØF) og Telemarksforskning som har laga rapporten for Kommunal- og regionaldepartementet. Dei har analysert korleis lokale skattar påverkar kommunane sine insentiv for næringsutvikling.
Forskarane har sett spesielt på kva for innverknad skatteutjamningsgraden har på inntektssystemet, skattedel og eigedomsskatt. Det er gjennomført ei spørjeundersøking av ordførarar, varaordførarar, rådmenn og økonomisjefar. Det er også utført statistiske analysar, der ein har sett på tal frå kommunerekneskapet.
Det er noko sprik i resultata avhengig av korleis næringsinnsats blir målt og kva for metodar som brukast, men hovudkonklusjonen er at lokale skattefaktorar har liten innverknad på kommunane sitt næringspolitiske engasjement.
Rapporten syner samstundes at det er brei oppslutning i kommunane om kva det betyr å drive næringsutvikling, noko som er i tråd hovudkonklusjonen. Heile tre av fire er einige i at det er viktig og nødvendig for kommunen å engasjere seg for å auke næringsgrunnlaget i kommunen.
- Regjeringa sine endringar i inntektssystemet dei siste åra, der selskapsskatten er teke bort som kommunal inntekt, skatteutjamninga er auka og delen skatt av samla inntekter er redusert, har ført til at inntektsforskjellane mellom kommunane er redusert. Denne rapporten understøtter at dette ikkje har gått utover kommunane sitt engasjement i næringsutviklinga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fleirtalet meiner også at god tenesteyting innanfor kommunale kjerneoppgåver som barnehage og skule, er viktig for å auke næringsgrunnlaget i kommunen.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.