Distrikts- og regionalmeldinga 2013
Meir næringsretta kompetansebygging
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 01.03.2013
Kommunal- og regionaldepartementet styrkjer regjeringa si satsing på samarbeid mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar.
Kommunal- og regionaldepartementet styrkjer regjeringa si satsing på samarbeid mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar.
Som ein del av arbeidet med å utvikle eit meir kompetansedyktig næringsliv, har Kommunal- og regionaldepartementet sett av 20 millionar kroner på budsjettet for 2013 til næringsretta kompetansebygging.
- Me ynskjer å støtte prosjekt som styrkjer det næringsretta utdanningstilbodet og kompetansebygging i bedriftene, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Tiltaket skal sette høgskular og kunnskapsinstitusjonar betre i stand til å levere kompetent arbeidskraft tilpassa behovet til det regionale næringslivet. Dette skal bidra til å styrkje næringsmiljø og verksemder, særleg i Distrikts-Noreg, og vere eit supplement til eksisterande ordningar. Midlane skal nyttast til å utvikle godt tilpassa, praksisnære og næringsretta tilbod i fagskule, høgare utdanning og/eller etter- og vidareutdanning.
Innsatsen er mellom anna ei konkret oppfølging av Kompetansearbeidsplassutvalet (NOU 2011:3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet). Utvalet peika på store geografiske forskjellar i fordelinga av kompetansearbeidsplassar i landet, og difor behov for ei sterkare satsing på kompetansebygging i område utanfor Oslo og dei store byane.
Innovasjon Noreg arbeider no, i samarbeid med fylkeskommunane, SIVA, Noregs forskingsråd og næringsliv, med å utvikle innhaldet i ei satsing på næringsretta kompetansebygging. Utlysninga vil skje i løpet av våren 2013.
- Eit lønsamt og konkurransedyktig norsk næringsliv er heilt avhengig av solid kompetanse i heile arbeidsstokken. Det gjev grunnlag for verdiskaping og busetting i heile landet, meiner kommunal- og regionalministeren.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.