Ørsta er årets nynorskkommune 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 02.10.2013
– Eg vil gratulere Ørsta med prisen som årets nynorskkommune 2013, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ørsta får prisen for ei brei satsing for å fremje bruken av nynorsk.
– Kva passar vel betre enn at heimkommunen til Ivar Aasen får ein slik pris i det året der vi markerer at det er 200 år sidan målpioneren blei fødd, seier kommunal- og regionalminister Navarsete.
– Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og oppfølging i det daglege arbeidet, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå juryen.
– Eg håpar nynorskprisen kan bidra til å utvikle nynorsk som eit godt språk i offentleg forvaltning. Stadig fleire kommunar arbeider no med å gjere språket dei nyttar klarare. I det arbeidet er det viktig å hugse at god nynorsk også er klart språk, seier Navarsete.
Prisen er på 100.000 kroner og eit bilete av grafikaren Terje Risberg.
Tidlegare vinnarkommunar er Stord, Seljord , Fjell og Sogn og Fjordane.
I juryen for nynorskprisen sitt:
Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar.
Nina Teigland, Språkrådet.
Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar (V) i Møre og Romsdal.
Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser
Christine Hjortland, Kommunal- og regionaldepartementet
Juryen si grunngjeving:
«Ørsta er den av søkjarkommunane som viser størst breidde i sine satsingar og tiltak for å fremje bruken av nynorsk. Kommunen nyttar satsinga på nynorsk som grunnlag for sitt arbeid med omdøme og identitet. Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet om bruk av nynorsk. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og etterfølgjande oppfølging i det daglege arbeidet, og kommunen nyttar aktivt sin målbruksplanen som basis for dei ulike tiltaka. Juryen har og merka seg at Ørsta kommune viser eit ekte engasjement i høve til mållova ved å seie tydeleg frå til dei offentlege instansane som bryt lova i sin korrespondanse med kommunen.
Juryen vil dessutan særleg framheve Radøy kommune sin søknad og innsats for å vedlikehalde og styrke bruken av nynorsk – både internt i kommunen og i lokalsamfunnet. Radøy har mange tilflyttarar med bokmål som språkform, og nynorsken er dermed utsett for eit stort press i kommunen. Juryen har merka seg at Radøy kommune set bruk av ”striledialekten” inn som eit satsingsområde i sitt omdømearbeid. Radøy satsar på språkrettleiing av dei kommunalt tilsette i etterkant av internkursing i nynorsk. Radøy har også eit medvite forhold til samarbeid med ymse lag og organisasjonar for å løfte fram nynorsken. Radøy kommune fortener ros for dette arbeidet.»