Kommuneproposisjonen 2014
Over seks milliardar kroner meir til kommunane i 2014
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 07.05.2013
Regjeringa føreslår at kommunane får mellom 6 og 6,5 milliardar kroner i reell vekst i inntektene neste år. – Kvar krone bidreg til betre tenester for innbyggjarane, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa føreslår at kommunane får mellom 6 og 6,5 milliardar kroner i reell vekst i inntektene neste år. – Kvar krone bidreg til betre tenester for innbyggjarane, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Mellom 5 og 5,5 milliardar kjem som frie inntekter. Det gjer at kommunane kan prioritere ressursane på ein god og effektiv måte tilpassa lokale behov. Det vil seie barnehageplass til dei som treng det, ei verdig eldreomsorg og gode skuler.
- I nokre kommunar treng dei fleire omsorgsbustader, medan andre kommunar vil prioritere ny skule og fleire barnehagar. Det er difor me meiner at kommunalt sjølvstyre er så viktig. Det er lokalt ein kjenner behova best, seier statsråden.
Veksten i inntektene må mellom anna sjåast i samanheng med befolkningsutviklinga. Fleire innbyggjarar aukar behovet for kommunale tenester.
Fylkeskommunane får ein milliard kroner av den varsla veksten i frie inntekter. Av dette er ein halv milliard kroner knytte til satsing på fornying og opprusting av fylkesvegane. Dette er ei opptrapping som vart varsla i Nasjonal Transportplan 2014-23.
Mellom 4 og 4,5 milliardar kroner av veksten i frie inntekter går til kommunane. Som ei oppfølging av regjeringas folkehelsemelding går 180 millionar kroner av veksten til å styrkje helsestasjonar og skulehelsetenesta.
Regjeringa inngjekk i april ei avtale med KS om busetting av flyktningar. Me vil i statsbudsjettet for 2014 føreslå å auke integreringstilskotet med 250 millionar kroner og tilsegnsramma til utleigebustadar med 66,7 millionar kroner.
- Dette vil betre rammevilkåra til kommunane for busetjing av flyktningar, og kjem i tillegg til den føreslåtte veksten i tilsegnsramma på 33,3 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.