Priv. til red.
Utdeling av nynorskprisen 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 30.09.2013
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete deler ut pris til årets nynorskkommune 2013.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete deler ut pris til årets nynorskkommune 2013.
Det er femte gong prisen blir delt ut. Prisen er på 100 000 kroner og går til ein kommune som aktivt nyttar nynorsk i ulike delar av den kommunale verksemda.
Kandidatar til prisen er: Nissedal, Radøy, Ørsta, Vågå, Valle, Ulstein, Sveio og Jølster.
- Tidspunkt: Onsdag 2. oktober kl. 14.00 -15.00.
- Stad: Det norske teatret, Oslo.
Det blir opplesing ved forfattaren Arnfinn Kolerud og musikalsk innslag med folkesongar Line Rebekka Kobberstad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som vann nynorskprisen i 2012
Tidlegare vinnarar er: Stord i 2009, Seljord i 2010, Fjell kommune i 2011 og Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2012.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00