Reglane for startlån skal strammast inn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 29.06.2013
Kommunal- og regionaldepartementet sender på høyring eit framlegg om å stramme inn startlånet.
Kommunal- og regionaldepartementet sender på høyring eit framlegg om å stramme inn startlånet.
I bustadmeldinga varsla regjeringa at startlånet skal rettast meir mot dei med langvarige bustad- og finansieringsproblem. Dette skal kome tydeligare fram i regelverket for startlånsordninga.
- Reglane må vere tydelege på kven som er målgruppa for startlån. Det er dei med langvarige problem med å få bustadlån me kan hjelpe med startlån. I Noreg har me ein vel fungerande lånemarknad som kan tilby lån til dei aller, aller fleste av oss, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Husbanken skal supplere, og ikkje konkurrere med private kredittinstitusjonar. Startlånsordninga er viktig for å nå dei som treng det mest. Nye reglar gjev også kommunane ei føreseieleg ordning, seier Navarsete.
Startlån skal gå til personar med dårlig råd, men likevel tilstrekkeleg inntekt til å kunne nedbetale startlån. Lånet skal hjelpe desse inn i bustadmarknaden. Startlån kan dessutan gå til personar som har langvarige problem med bustadfinansiering fordi dei bur i områder med lav marknadsverdi på bustader.
Regjeringa varsla også i bustadmeldinga Byggje – bu – leve at det skal opnast for startlån med 50 års nedbetalingstid i særlege tilfelle.
- For målgruppa skal startlånet vere eit godt verkemiddel, seier Navarsete. - Startlån med 50 års nedbetalingstid kan medverke til auka butryggleik i ein del tilfelle.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.