Stortingsvalet 2013
Riksvalstyret er oppnemnd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 19.04.2013
Riksvalstyret for stortingsvalet 2013 blei oppnemnd i statsråd 19. april 2013.
Riksvalstyret for stortingsvalet 2013 blei oppnemnd i statsråd 19. april 2013.
I riksvalstyret sit eit medlem frå kvart av ei dei politiske partia som er representerte på Stortinget. For kvart medlem er det også oppnemnd eit varamedlem. Riksvalstyret har fått følgjande samansetjing:
Medlemmer:
- Signe Øye, Hobøl (Arbeiderpartiet) – leiar
- Finn Egil Holm, Sande (Fremskrittspartiet) – nestleiar
- Åse Gunnhild Woie Duesund, Grimstad (Kristelig Folkeparti)
- Martin Engeset, Sarpsborg (Høyre)
- Harald Hove, Bergen (Venstre)
- Ivar Johansen, Oslo (Sosialistisk Venstreparti)
- Jorunn Ringstad, Askvoll (Senterpartiet)
Varamedlemmer:
- Asmund Kristoffersen, Tingvoll (for Øye)
- Øistein Lid, Nittedal (for Holm)
- Jan Martin Sahl, Vestvågøy (for Duesund)
- Ildri Eidem Løvaas, Oppegård (for Engeset)
- Borghild Tenden, Bærum (for Hove)
- Edle Daasvand, Oslo (for Johansen)
- Morten Lund, Oslo (for Ringstad)
Riksvalstyret skal i følgje vallova:
- Gje uttale til Stortinget om klagesaker som gjeld røysterett og høvet til å røyste.
- Avgjere andre klagesaker om førebuinga og gjennomføringa av stortingsvalet.
- Fordele utjamningsmandata til Stortinget og underrette Stortinget og fylkesvalstyra om valoppgjeret.
- Skrive ut fullmakter til alle representantar og vararepresentantar til Stortinget.
- Bokføre valoppgjeret og resultatet av dette.
Kommunal- og regionaldepartementet ved Kommunalavdelinga er oppnemnd som sekretariat for riksvalstyret.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.