Sju millionar til informasjonstiltak før valet 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 01.02.2013
40 ulike organisasjonar får nær sju millionar kroner til saman for å auke kunnskapen om val blant veljarane før stortings- og sametingsvalet hausten 2013. Deler av midlane er sett av til tiltak knytt til Stemmerettsjubileet 2013, som skal feire at det er 100 år sidan Stortinget vedtek å innføre allmenn stemmerett. Debattar, valaviser, nettside, radio og forstillingar er blant tiltaka.
40 ulike organisasjonar får nær sju millionar kroner til saman for å auke kunnskapen om val blant veljarane før stortings- og sametingsvalet hausten 2013. Deler av midlane er sett av til tiltak knytt til Stemmerettsjubileet 2013, som skal feire at det er 100 år sidan Stortinget vedtek å innføre allmenn stemmerett. Debattar, valaviser, nettside, radio og forstillingar er blant tiltaka.
Målet med tilskotsordninga er å auke kunnskapen om val og/eller auke valdeltakinga.
Departementet har prioritert tiltak retta mot ungdom, innvandrarar og veljarar med behov for særleg tilrettelagt informasjon.
Interessa for tilskotsordninga har vore stor, og departementet fekk heile 120 søknadar som til saman har søkt om nær 29 millionar kroner.
- Eg er glad for at interessa for ordninga har vore så stor, og eg håper at desse tiltaka kan bidra til at fleire nyttar stemmeretten sin ved valet til hausen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Tiltaka det er søkt om varierer stort i innhald. Ein skal arrangere alt frå songkonkurransar, utstillingar og konsertar, til å lage aviser, radioprogram, debattar og valmøter.
Desse tiltaka kjem i tillegg til det generelle informasjonsarbeidet Kommunal- og regionaldepartementet og kommunane gjer for å informere veljarane om regelverk, fristar og praktisk informasjon rundt valet.
Følgjande organisasjonar får støtte:
2013-gruppa-"Østfoldmodellen" - Stemmerettsjubileet 2013, avdeling Østfold har fått 100 000 kroner til ei vandreutstilling i Østfold mellom anna om dei første kvinnelege politikarane, kvinner på "barrikadane", kvinnekampen på 70-talet og fram til i dag.
Agenda X/ Antirasistisk senter har fått 150 000 kroner til prosjektet ”Stem & Bestem! 2013”. Skal arrangere ulike aktivitetar som debattmøte, workshop og informasjonsfilm for ungdom om utvikling og utviding av stemmeretten i Noreg.
Batteriet, Stiftelsen Kirkens Bymisjon Kristiansand har fått 100 000 kroner til partileiardebatt under Arendalsveka 2013 og informasjonsmøte om valordninga for veljarar med innvandrarbakgrunn.
Chinese Professionals in Norway har fått 40 000 kroner til å arrangere valdebatt, nettaktivitet og seminar for å informere om stortingsvalet.
Det Felles Innvandrerråd i Hordaland og Kontaktutvalget mellom innvandrere og styresmakter har fått 80 000 kroner til å arrangere debattmøte, kursing i valteknikk og stands.
Eidsvoll 1814, en del av stiftelsen Norsk Folkemuseum har fått 150 000 kroner til markering av stemmerettsjubileet. Skal byggje ein installasjon forma som ei urne som det skal vere mogleg å gå inn i.
Hedmark fylkesmuseum, avdeling kvinnemuseet har fått 60 000 kroner til kulturhistorisk utstilling og demokratikampanje med lokale kvinnelege politikare.
Innvandrernes landsorganisasjon INLO har fått 185 000 kroner til å arrangere informasjonsmøter, debattar og nytte valmotivatører for å auke kunnskapen om val og valdeltakinga blant veljarar med innvandrarbakgrunn.
Kilden Informasjonssenter for kjønnsforskning har fått 50 000 kroner til vidareutvikling og utviding av nettutstillinga stemmerett.no om kvinners stemmerett i Noreg.
Kristent Interkulturelt Arbeid har fått 350 000 til å produsere materiell og informere veljarar med innvandrarbakgrunn om demokratiske rettar og val. Skal nytte internett, eiget medlemsblad og halde valmøter i regionane.
Kultursenteret Sisa har fått 69 100 kroner til å utarbeide eit infoskriv/avis om valet og demokratiske prosessar som skal distribuerast saman med lokalavisa samt arrangere eit felles møte med dei etniske foreiningane på Sisa.
Kvinneloftet ved Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Tromsø har fått 120 000 kroner til å arrangere ”Kvinneloftes demokratiskole” der målet er å auke kunnskapen om val og demokrati. Skal gjennomføre demokratiøvingar, besøkje vallokale og møte representantar frå politiske parti.
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har fått 800 000 kroner til å rekruttere og lære opp demokratiagentar som skal bidra til at så mange førstegangsveljarar som muleg bruker stemmeretten sin ved valet i 2013.
Likestillingssenteret har fått 350 000 kroner til å arrangere regionale konferansar i Nordland Hedmark og/eller Oppland for å lære opp stemmerettsambassadørar som skal ta kontakt med vidaregåande skuler, folkehøgskuler og ungdomsarrangement i kommunane /fylka sine for å påverke fleire unge til å nytte stemmeretten ved stortingsvalet i 2013.
Mandal barne- og ungdomsråd (BU) og elevrådet ved Mandal videregående skole har fått 50 000 kroner til gjennomføring av Demokratiskolen 2013, der dei unge sjølv har ansvar for planlegging og gjennomføring.
Minotenk - Minoritetspolitisk tenketank har fått 100 000 kroner til å arrangere offentlege dialogmøtar der veljarar med innvandrarbakgrunn kan møte politikarar, samt arrangere eit dialogseminar for å markere stemmeretten og diskutere likestillingsutfordringar.
MiRA Ressurssenter for minoritetskvinner har fått 550 000 kroner til mobiliserings- og dialogmøte, praktisk valopplæring samt informasjonsformidling i samband med stemmerettsjubileet
Morsmal Interesseorganisasjon har fått 25 000 kroner til elektronisk marknadsføring av val, mellom anna via eksisterande nettside. Nettportalen skal ha nyheiter, informasjon og muligheit for debattar. All informasjon skal vere på fleire språk.
Nasjonalt Garborgsenter v/Jærmuseet og Framtida.no v/Landssamanslutninga av nynorskommunar har fått 170 000 kroner i samband med stemmerettsjubileet. Skal lage ein artikkelserie og arrangere debattmøte og skrivekonkurranse.
Norges Bygdeungdomslag har fått 110 000 kroner til kampanjen ”Stem. Bestem!” Skal arrangere kurs i organisasjonen, informere på eigen nettstad, i sosiale medium samt i medlemsblad. Målet er å skape kunnskap og engasjement kring val og demokrati.
Norsk Folkehjelp Oslo – OASEN, Kvinner Krysser Grenser har fått 220 000 kroner til å arrangere fleire valdebattar i Oslo og gje praktisk valopplæring.
Norsk Forbund for Utviklingshemmede har fått 245 000 kroner til informasjonstiltak der målet er gje veljarar med utviklingshemming moglegheit til å kunne gjere sjølvstendige val og å kunne delta utan diskriminering og på lik linje med alle andre. Ein skal mellom anna sende ut materiell, produsere artiklar om val i medlemsblad og ha val som tema på NFUs organisajonsleir.
Norsk Vietnamesisk Senter har fått 31 000 kroner til debatt, informasjonsarbeid og videoproduksjon for å auke valdeltakinga og kunnskapen om val.
Norske Kvinners Sanitetsforening har fått 320 000 kroner til produksjon av informasjonsmateriell, skal arrangere valkampanje og konkurranse via internett i samaband med stemmerettsjubileet. Dei skal også informere om stemmerett og val på NKS Sesam-grupper.
Ole Vig Videregående skole har fått 30 000 kroner til prosjekt om valinformasjon. Eksemplar på tiltak er utstilling, banner, flyers, valavis, brosjyre, powerpointpresentasjon, videoproduksjon til bruk i undervisninga og konkurranse.
OMOD - Organisasjonen mot offentlig diskriminering – Rapvalg har fått 150 000 kroner til å arrangere musikkonkurransen Rapvalg der målet er å auke veldeltakinga blant unge.
Pak Norwegian welfare Research Center har fått 40 000 kroner til å arrangere seminar og informasjonsstands for å auke valdeltakinga og kunnskapen om val.
Penelope film har fått 600 000 kroner til å produsere kortfilmar kring Camilla Collet der temaet er stemmerett og likestilling inspirert av 100-års jubileet for stemmerett for kvinner i Noreg. Serien heiter ”Stemmer”.
Queendom Productions har fått 100 000 kroner til å arrangere musikkteater i kulturhus og ved skuler i Vest-Agder i samanheng med stemmerettsjubileet.
Radio Latin-Amerika har fått 180 000 kroner til å produsere og sende radiospottar på ulike språk om valet. Dei vil også ha direktesendingar frå valmøte der ulike politiske parti og innvandrarorganisasjonar deltar.
Radio Sotra har fått 36 000 kroner til produsere radioprogram. Radio Sotra har ein eigen ungdomsredaksjon som består av 35 ungdommar. Desse vil aktivt jobbe med informasjon om valet på sine sendingar til neste år.
Somaliland Women Solidarity Association har fått 50 000 kroner til å arrangere fleire møte i Oslo og Akershus om val og praktisk valgjennomføring.
Somalisk velferdsforening har fått 70 000 kroner til å arrangere valmøte med informasjon om val og valordninga i Noreg samt praktisk valgjennomføring, der målet er å auke valdeltakinga blant norsksomaliere.
Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Trondheim har fått 125 000 kroner til å arrangere kurskveldar med Gatejuristen og til å halde valvake for brukarane av sentra til Kirkens Bymisjon. Målet er å gje denne gruppa betre kunnskap om val og betydinga av å nytte stemmeretten.
Stiftelsen Klar Tale har fått 818 500 kroner til å produsere eit spesialnummer av Klar Tale om stortings- og sametingsvalet i 2013 i eit opplag på 100.000. Avisa blir også tilgjengeleg som PDF-filer, opplest som podkast på nettsida www.klartale.no og på www.skolenettet.no.
Sør-Trøndelag Felles Innvandrerråd (STFIR) har fått 45 000 kroner til å arrangere dagskonferanse med dialogmøte med politikarar, nettverksarbeid og kampanje, informasjon om valet og stemmerett på www.stfir.no og STFIR på facebook.
Tamilsk Ressurs- og veildningssenter har fått 32 000 kroner til å arrangere informasjonsmøte om val for å auke valdeltakinga til norsktamiler.
Tyrkisk Barne og Ungdomsorganisasjon har fått 60 000 kroner til å arrangere valkonferanse for ungdom og foreldre om deltaking ved val samt informere på eigen nettstad.
Ungdomsfabrikken har fått 220 000 kroner til å gjennomføre kampanjen Word Up! Skal oppfordre ungdom og unge vaksne til å stemme ved bruk av informasjonsvideo på Internett og sosiale medium samt arrangere ein konsert sentralt i Oslo.
Voice of Norway Radio øst A/L har fått 16 720 kroner til å produsere og sende radioprogram om valet på fleire språk.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.