Historisk arkiv

Møte om forvaltningsreforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Stad:

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa har invitert Oslo kommune, Akershus fylkeskommune, Østfold fylkeskommune og KS til møte.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa har invitert Oslo kommune, Akershus fylkeskommune, Østfold fylkeskommune og KS til møte.

I samband med at fristen for å fatte endeleg vedtak om inndeling etter forvaltningsreforma vert utsett, ynskjer statsråden å diskutere moglege styringsmodellar med dei folkevalde aktørane på fylkesnivå i hovudstadsregionen. Ho har difor invitert Oslo kommune, Akershus fylkeskommune og Østfold fylkeskommune til møte.

Kommunal- og regionalministeren meiner det vil vera høveleg at òg dei involverte fylkesmannsembeta og KS deltek i eit slikt møte for å vera orienterte om det nye initiativet.