Historisk arkiv

Bolystrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Bolystrådet skal gje Kommunal- og regionaldepartementet råd om korleis distrikts- og regionalpolitikken skal innrettast mot unge i utdannings- og etableringsfasen.

Bolystrådet har gjeve Kommunal- og regionaldepartementet råd om korleis distrikts- og regionalpolitikken bør innrettast mot unge i utdannings- og etableringsfasen.

Ideen om Bolystrådet blei første gongen lansert i St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet. Om distrikts- og regionalpolitikken.

Mandat

Bolystrådet si oppgåve var å drøfte kva som er viktig for å få til ei utvikling i distrikta som gjer det attraktivt for unge å busetje seg her i framtida. Alle politikkområde som er viktige for unge, kunne vere tema i rådet; eksempelvis kultur og velferdsspørsmål, miljø og natur, utdanning, arbeidsplassar, næringsutvikling, nyskaping og infrastruktur. Innspel på dei ulike politikkområda vart også bli formidla vidare til statsrådane som har ansvar på de ulike områda. Rådet kom også med innspel på korleis ein kan marknadsføre dei moglegheiter som ligg i distrikta. 

Rådet stod fritt i å organisere arbeidet sitt. Rådet kom med innspel i møta med politisk leiing i Kommunal- og regionaldepartementet. Arbeidet til rådet skulle ikkje ende i ei utgreiing.

Medlemmer i rådet

Rådet var sett saman av representantar frå ungdomsorganisasjonar, unge folkevalde, unge ressurspersonar, eldsjelar og personar som har merkt seg ut på sitt felt.

Leiar:

  • Dåverande kommunal- og regionalminister Åslaug Haga

Medlemmer:

  • Inger Bråtveit, (forfattar og bonde)
  • Elin Bjørnstad (Noregs Bygdeungdomsslag)
  • Christoffer Grønstad (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner)
  • Ane Hansdatter Kimsul (Norsk Vindkraftforening)
  • Inga Berit Lein (bonde)
  • Joachim Myklebust (Malakoff-festivalen Eid)
  • Stine Mølstad (solbærbonde/kommunikasjonsrådgjevar)
  • Randi Ness (student, Ung tiltakslyst)
  • Kjersti Nordskog Nes (aspirant i UD)
  • Odd Nordstoga (musikar)
  • Anette Sagen (skihoppar)
  • Stig Arne Somby (Davvi Nuorra – samanslutning av sameungdom)
  • Simen Staalnacke, (Moods of Norway)
  • Andreas Wiese (gründer av Lean Fish AS)

Sekretariat:

  • Regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og regionaldepartementet

Møte

Bolystrådet hadde tre møte.

Første møte i Bolystrådet vart arrangert 12. september 2006.

Andre møte i Bolystrådet vart arrangert 7. desember 2006.

Tredje møte i Bulystrådet vart arrangert 1. mars 2007

Rapport