Kompetansearbeidsplassar til heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Styre/råd/utval
Det offentlege utvalet skal greie ut tiltak for å spreie kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar over heile landet. Tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta skal også vurderast.
Det offentlege utvalet skal greie ut tiltak for å spreie kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar over heile landet. Tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta skal også vurderast.
Desse er med i utvalet:
- Professor Karen Helene Ulltveit-Moe, UiO, Oslo, (leiar)
- Tidlegare stortingsrepresentant Åsa Elvik, Bø i Vesterålen
- Seniorrådgjevar Lillian Hatling, Distriktssenteret, Steinkjer
- Forskingsdirektør Torbjørn Hægeland, SSB, Oslo
- Professor Kjell Gunnar Salvanes, NHH, Bergen
- Regionutviklingsdirektør Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune, Bergen
- Direktør Roar Tobro, Møreforsking, Ålesund.
I mandatet blir utvalet bede om å:
- fremje tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar blir spreidde over heile landet
- vurdere tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta
- byggje forslaga på kunnskap om korleis slike arbeidsplassar blir lokaliserte, rammevilkår for lokalisering og korleis rekruttering finn stad
- vurdere konsekvensar av tiltaka på arbeidsmarknaden.
Utvalet skal levere si innstilling i februar 2011, og fremje førebels forslag i november 2010.
Utvalsleiar Karen Helene Ulltveit-Moe og statsråd Liv Signe Navarsete. Foto: Agnar Kaarbø/KRD. Høyoppløseleg versjon.