Fordeling av mandata på valdistrikta ved stortingsval
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Brev | Dato: 07.05.2012
Mottakar: Stortingets presidentskap
Vår referanse: 12/265-8
Det følgjer av vallova § 11-3 første ledd at departementet kvart åttande år skal fordele alle stortingsmandata på valdistrikta. Departementet har no berekna fordelinga, med verknad for stortingsvala i 2013 og 2017.

Vallova § 11-3 fjerde ledd fastset at departementet skal underrette Stortinget om utfallet av mandatfordelinga. Vedlagt følgjer ein rapport som viser resultatet av berekninga (samla mandatfordeling). Eg legg óg ved ein rapport som viser alle utrekningane som ligg til grunn for berekninga. Denne rapporten viser óg kva for tal som er lagde til grunn for areal og innbyggjarar (folketal).
Med helsing
Liv Signe Navarsete
Vedlegg: Fylkesfordeling av stortingsmandater 2013 - 2017 (pdf)