Historisk arkiv

Ein politikk for lyst og vilje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Artikkel av kommunal- og regionalminister Åslaug Haga sendt regionaviser 11. juli 2006.

Artikkel sendt regionaviser 11. juli 2006.
 
Lokalt engasjement og vilje til å satse er ein botnplanke i ein offensiv distriktspolitikk. Vi vil derfor støtte opp om det lokale engasjementet og hjelpe fram prosjekt og pilotar i utsette område. Satsinga er berre eitt av tiltaka i ein offensiv og velfungerande distrikts- og regionalpolitikk.
 
Blilyst-prosjektet i innlandskommunane i Sør-Trøndelag og Rindal i Møre og Romsdal er eitt eksempel på prosjekt som får auka støtte gjennom småsamfunnssatsinga. Blilyst satsar på dei som har lyst. Prosjektet er laga for at folk skal ta i bruk potensiala som finst området. Matlyst (landbruk), arbeidslyst (næringshagar/breiband), lærelyst (desentralisert høgskuletilbod) og skaparlyst (ungdomssatsing) er berre nokre av dei utvalde satsingsområda. Ei rekke tiltak skal vitalisere regionen slik at fleire vil og kan arbeide og bu her. Gjennom småsamfunnssatsinga, støttar Kommunal- og regionaldepartementet Blilyst sitt prosjekt for å finne nye løysingar for busetting på landet. Det skal mellom anna gjennomføres ein arkitektkonkurranse for unge arkitektar.
 
Fjellregionen i Hedmark er eit av dei andre prosjekta som får støtte frå småsamfunnssatsinga. Å opprette, halde på eller aller helst auke folketalet er også sett høgst på dagsordenen i Holtålen, Røros, Os, Tolga, Tynset, Alvdal, Folldal og Rendalen i Fjellregionen. Kommunane har gått saman om å skape konkrete resultat ved å satse på å utvikle kompetansen i kommunane. Prosjektet skal mellom anna bidra til å betre kommunane si evne som samfunnsaktør.
 
Den typen engasjement som vert utvist i desse to prosjekta, er avgjerande for å skape lyst til å bu utanfor dei største byane. Slike vil regjeringa støtte aktivt opp om i vår satsing på småsamfunn. Vi har no plukka ut nokre få prosjekt for å komme i gang. Dette skal bli ei større satsing framover. Regjeringa la opp til å løyve 100 millionar kroner til småsamfunnsatsinga i stortingsperioden. Denne nasjonale ekstrainnsatsen skal supplere og støtte opp under den breie innsatsen som alt skjer i distrikta. Vi vil stimulere og inspirere til eit endå større mangfald av utviklingsarbeid og samarbeidsprosjekt for å gje folk reell fridom til å bu der dei sjølve ønskjer.