Historisk arkiv

Aktuelle prosessar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa på fylkesmannsmøtet 16. oktober 2007.

Innlegg på fylkesmannsmøtet 16. oktober 2007.

Godtfolk,

eg har lyst til – aller først – å snakka litt om Olav Oksvik! Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928 til 1953, og ein av arkitektane bak kriseforliket med Bondepartiet i 1935. Oksvik var også odelstingspresident i to periodar, og landbruksminister i Gerhardsen-regjeringa frå 1947 til 1948. Oksvik var særleg kjend, trur eg, for ein heller oppsiktsvekkjande søknad på fylkesmannsstillinga i Møre og Romsdal. Ingen vedlagd CV, ingen referansepersonar, visstnok berre denne eine setninga: “Eg søkjer Møre.” Og ja, Oksvik vart fylkesmann…

Det har vore og er mange Oksvik’ar mellom fylkesmennene. De har mange års røynsle med politikk, de veit meir enn om den norske statsskikken enn dei fleste og ikkje minst kjem de til desse stillingane med ei klårt overblikk over kva dei inneber og skal innebera. Difor veit eg at eg står overfor ei særmerkt forsamling. Det veit eg òg av eiga erfaring: Som sosialminister i Bondevik I-regjeringa hadde eg eit tett samarbeid med fylkesmennene i samband med Eldreplanen og den vanskelege saka som galdt avgrensing i bruk av makt og tvang overfor psykisk utviklingshemma. Som kommunal- og regionalminister ser eg fram til eit nytt og like godt samarbeid.

Vi er alt i gang; eg har allereie møtt fylkesmennene sitt arbeidsutval. La meg følgja opp no: I dag har eg vald å nytta høvet til å snakka om lokaldemokrati, tilsyn, forvaltningsreforma og – heilt på tampen – om samarbeidsavtalar mellom staten og KS.

Fylkesmennene og lokaldemokratiet

I Soria Moria-erklæringa vart det varsla ei eiga stortingsmelding om lokaldemokrati. Vi lova også å leggja til rette for auka bruk av lokale, rådgjevande folkerøystingar. Det arbeider vi no med i departementet. Det overordna målet vårt er å styrkja det lokale folkestyret; auka handlingsrommet og betre samsvar mellom lokal velferd og lokale ønske og preferansar. Vi vil at kommunane skal vera både samfunnutviklarar og ein demokratisk arena for lokale avvegingar, prioriteringar og avgjerder.

Det lokale demokratiet er avgrensa på mange vis, sjølvsagt, ikkje minst frå statleg hald. Her kjem også fylkesmennene inn i biletet: De skal som kjent syta for at statleg politikk vert følgd opp. Men dette skal skje på eit vis som nettopp tek omsyn til lokaldemokratiet. I ein fersk rapport frå Riksrevisjonen (Dokument nr. 3:14 (2006-2007)) vert dette diskutert under overskrifta “Fylkesmennenes samordning av statlige styringssignaler overfor kommunene”. Over halvparten av kommunane i landet har kome med vurderingar av korleis dei synest fylkesmannen tek omsyn til mellom anna det kommunale sjølvstyret. Tala er interessant lesnad: Berre ein tredel av kommunane meiner at fylkesmennene legg stor nok vekt på lokaldemokratiet. Det er også sterk variasjon mellom dei fylka som er med i undersøkinga til Riksrevisjonen: Berre i to fylke er det eit fleirtal av kommunane som meiner at lokaldemokratiet vert teke omsyn til på eit tilfredsstillande vis.

Alle saker har minst to sider. Eg synest det er viktig å merkja seg Riksrevisjonen sine funn, på same tid som eg veit at ulike omsyn kan stri mot kvarandre når fylkesmannen skal spela si sentrale rolle i den kommuneretta samordninga. Eg vil likevel seia dette: Det er ei avgjerande at fylkesmennene legg vinn på å gje lokaldemokratiet best mogeleg rammevilkår. Mykje kan vinnast gjennom aktiv rettleiing: Den tette kontakten mellom kommunane og dykk handlar ikkje minst om å styrkja kommunane si forståing av spelerommet deira og trua deira på eigne moglegheiter.

Denne dialogen mellom kommunane og dykk er i det heile ein slags hjørnestein i tillitsforholdet mellom staten og kommunane. De er på sett og vis staten sine ambassadørar. Samstundes meiner eg at fylkesmannen skal vera ei djup kjelde til kunnskap om kvifor kommunane ikkje alltid gjer det som vert venta frå staten si side. Det kan koma av økonomiske tilhøve. Men det kan òg vera slik at dei lokale forholda ikkje alltid ligg til rette for å løysa oppgåvene heilt i tråd med statlege krav og forventningar. Dette er ein del av ein læringsprosess der statleg politikk bør tilpassast lokale tilhøve. Slikt er lettare å få til di betre og meir presist fylkesmennene rapporterter til departementa om røynsler og kunnskap som kjem fram i kommunikasjonen med kommunane. Tett dialog med fylkesmennene her vil også letta arbeidet med å fornya og utvikla offentleg sektor i det heile. På same tid som de også bør retta søkjelyset mot god ressursbruk og kvalitet i dei kommunale tenestene.

Som fersk kommunal- og regionalminister har eg elles fått med meg at vi fekk tilført Boligdirektoratet og ansvar for bustad- og byggjesaker då Forsynings- og gjenreisingsdepartementet vart lagt ned alt i 1950! For meg er det difor relevant å peika på at vi ser handsaminga av byggjesaker som ein viktig del av fylkesmennene si verksemd. Departementet stiller høge krav til både kvalitet og tidsfristar. Dette er ei stor og krevjande oppgåve for embeta, men etter mitt syn også ei av dei viktigaste. Departementet vurderer no Bygningslovutvalet sitt forslag om å innføre tolv vekers frist for klagehandsaming av byggjesaker. Ein slik maksimumsfrist kan vera ei utfordring for nokre embete, særleg i ein overgangsfase. Saman med FAD vil vi sjå på kva slags tiltak som kan vera aktuelle for å få ned restansane i embeta. 

Særleg om tilsyn

Stortinget vedtok hausten 2006 felles reglar i kommunelova om korleis staten sitt tilsyn med kommunesektoren skal utøvast. Dette kjenner de godt til! Tilsynet skal avgrensast til å gjelda kontroll med at kommunen oppfyller plikter som er pålagde i lov. Tilsynet er dermed underlagt dei same avgrensingane som domstolane når det gjeld i kva grad kommunane eller fylkeskommunane sitt frie skjønn kan overprøvast.

Eitt av ankepunkta mot statleg tilsyn frå kommunesektoren si side har vore at dei samla tilsyna ikkje opptrer einskapleg og føreseieleg. Tilsynet på den einskilde sektoren har vokse fram ut frå tradisjon på området, ikkje ut frå ein samla strategi for tilsyn. Fylkesmannen har difor fått ei lovfesta rolle som samordnar av tilsyn retta mot kommunane. Praktiske sider og bruken av tilsyna sine reaksjonar skal samordnast for å leggja til rette for vurdering og diskusjon om dei pålegg som tilsyna gir. Det er eit mål å unngå at tilsyn på ein sektor gir utilsikta konsekvensar på andre sektorar.

Fylkesmannsembeta er no i gang med å utvikla modellar for samarbeid med andre tilsynsetatar, og Kommunaldepartementet vil vera med i dette arbeidet. Eg er fortald at fylkesmann Tora Aasland tok initiativet til å etablera det nettverket mellom embeta som no er godt i gang. Det har allereie vorte halde to samlingar og det skal arrangerast fleire. Dette arbeidet er eit eksempel på viktige funksjonar som fylkesmannen tek omsyn til i brytninga mellom ulike og kryssande omsyn mellom stat og kommune. Bra, Tora!

Forvaltningsreforma

Stortinget la fleire føringar då stortingsmeldinga om forvaltningsreform vart handsama i vår. Både konkret og med oppmoding om at kommunar og fylkeskommunar skal få koma med ytterlegare innspel innan 1. desember. Dette er vel kjent.   

Regjeringa arbeider no med konkretiseringa av dei ulike oppgåvene. Av di prosessen ikkje er heilt avslutta, kan eg ikkje gå inn på dei einskilde områda. Det gjeld òg for områda miljø og landbruk, som får følgjer for embeta spesielt.  Det eg kan seia er at departementet i november vil senda ut eit felles høyringsframlegg om forvaltningsreforma. Dette framlegget vil innehalda konkret omtale av oppgåvene som skal overførast og ei omtale av dei lovendringane som er nødvendige for at overføringa av oppgåver skal setjast ut i livet.

Inndeling – høyringar

I vår gjorde fylkestinga vedtak om dei ulike inndelingsalternativa som vart lagde fram i stortingsmeldinga. Dei skal gjera endelege vedtak i desember. Elleve fylke har så langt - på prinsipielt grunnlag - vurdert  regionmodellen som god, nokre av desse føreset fleire oppgåver til det regionale nivået.

I alle landsdelane er det ulike oppfatningar om kva for ein modell som er den beste. Troms, Sør-Trøndelag og Hordaland sluttar seg til regionmodellen. På den andre sida finn vi fylke som Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland.  Desse ønskjer ein styrkt fylkesmodell. På Austlandet vil Østfold og Akershus ha ein regionmodell saman med Oslo. Dét vil derimot ikkje Oslo. Og medan Buskerud og Telemark går for ein regionmodell, er Vestfold fylkesting imot. Her er det også stor usemje mellom kommunane. Agderfylka og Hedmark og Oppland er mest konkrete når det gjeld samanslåing i ein regionmodell. I Hedmark og Oppland er det likevel mange kommunar som går mot ein slik modell. Sjølv om to av tre kommunar stør regionmodellen på prinsipielt grunnlag, er det òg mange som går på tvers av dei respektive fylkeskommunane sine vedtak.

Viss ein legg desse førebelse vedtaka til grunn, peikar dei i retning av ei inndeling av fylka våre om lag som i dag, kanskje med nokre justeringar. Einskilde kommunar ønskjer endringar og endra fylkestilhøyrigheit, også innan ein styrkt fylkesmodell.

No er fylkestinga inviterte til å fatta endelege vedtak etter at dei har konstituert seg i haust. Desse vedtaka får vi inn før årsskiftet. Og så skal regjeringa fram mot våren 2008 ta endeleg stilling til korleis det nye regionale kartet skal sjå ut. Den våren tek vi sikte på å leggja fram ein proposisjon for Stortinget med framlegg om lovendringar og eventuelle endringar i inndeling av det regionale nivået.

Samarbeidsavtalar

De veit alle her at regjeringa oppteken av god dialog og samhandling mellom stat og kommunesektor. Ei vidare utvikling av konsultasjonsordninga har vore eit grep som er teke for å koma eit steg nærare dette målet.  Nye vegar å gå fører ofte med seg nye utfordringar. Som fylkesmennene ved fleire høve har peika på, har den auka bruken av bilaterale samarbeidsavtaler gjort synleg at det er særs naudsynt med god kontakt og rolleavklaring i forhold til dei ulike aktørane på regionalt nivå, då særleg fylkesmannsembeta og KS i fylket.  Det er om å gjera at både KS sentralt og dei respektive ansvarlege departementa tek dette på alvor.  I samband med dette kan det vera grunn til å nemna at ei arbeidsgruppe det neste halve året vil ta for seg nettopp bruken av bilaterale avtaler.  Til dette arbeidet vil òg fylkesmennene få høve til å koma med innspel.  

KS skal ikkje ta over oppgåvene til fylkesmennene når det gjeld rettleiing og oppfølging av kommunane. KS skal heller ikkje verta nokon ytre etat for fagdepartementa.  Samstundes er eg sikker på at også denne forsamlinga ser at det er turvande å utvikla nye samhandlingsformer som gjer at stat og kommunesektor speler mest mogleg på lag.   

Avtalane med KS er eit mjukt styringsverkemiddel som skal fremja dialog mellom staten og kommunesektoren. Dei skal klargjera prioriteringar innan sektorområde, samstundes som handlefridomen til kommunesektoren skal verta ivaretekne. Avtalane er slik sett eit alternativ til sterkare styringsverkemiddel som øyremerking av tilskot og lovregulering.  Vi ser òg at dette er eit grep for å møta samhandlingsutfordringane mellom ulike forvaltningsnivå. 

Når ein gjer bruk av slike dialogbaserte verkemiddel, har det mykje å seia at vi samordnar oss godt på statleg side, både sidelengs og nedover i det statlege systemet. Vi må klargjere kva roller både departementa, fylkesmennene og KS har overfor kvarandre og kommunane. Vi på sentralt nivå må sjå til at det vert informert godt nok om avtalane.  Samstundes kan det nok ved enkelte høve vera på sin plass at fylkesmann og KS i fylket saman avklarar rollene i høve til kommunane.  Vi er plasserte på ulike stader i det norske forvaltningspolitiske landskapet. Det kan gjera perspektiva og behova  litt forskjellige. Samstundes arbeider vi alle for å nå dei same velferdspolitiske måla. Difor har eg stor tru på at vi framover vil makta å få til ei ordning som alle kan slutta opp om. 

Avslutting

Eg takkar for høvet til å møta dykk her i dag. Eg kan diverre ikkje vera her utover dagen, men ser fram til å møte dykk også i andre samanhengar.

Eg rundar av med Olav Oksvik, eg. Det heiter seg om han at “Oksvik var kjend som pragmatikar, men var eigentleg ein svært prinsippfast politikar i botnen.” Det gjeld vel dykk også! Dét lovar i så fall godt for eit framtidig samarbeid.

Takk for meg.