Historisk arkiv

Lokalt sjølvstyre og Grunnlova: Kva skjer?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg i Stat og Styring 4/2007.

Innlegg i Stat og Styring 4/2007.

Bør vi grunnlovsfesta det lokale sjølvstyret i Noreg? Det kan verta endeleg avgjort etter neste stortingsval.

I 1989 ratifiserte Stortinget samrøystes Europarådet sitt charter om lokalt sjølvstyre. Der heiter det mellom anna at “Prinsippet om lokalt selvstyre skal anerkjennes i nasjonal lovgiving, og i grunnlov hvor dette lar seg gjennomføre”. Det er delte meiningar om i kva grad dette inneber ei folkerettsleg plikt om å kodifisera prinsippet om lokalt sjølvstyre i Grunnlova. Både juridisk, og ikkje minst politisk. Så langt har stortingspolitikarar ved fleire høve avvist grunnlovsfesting av det lokale (les: kommunale) sjølvstyret. Det skjedde i 1998, året etter og dinest i 2003.

Så – hausten 2004 – fremja representantar frå Arbeidarpartiet, SV og dei tre sentrumspartia eit nytt forslag om grunnlovsfesting av det lokale sjølvstyret (Dokument 12:9 (2003-2004)). Eg var sjølv ein av forslagsstillarane. Kjernen i argumentasjonen vår var at “[E]n grunnlovsfesting av det kommunale selvstyret vil bekrefte den viktige rolle kommunene har i vårt demokrati, historisk, i dag og i framtida. Det trengs en grunnlovsfesting for å verne om lokalt selvstyre, sikre befolkninga muligheter til demokratisk deltakelse og innflytelse og sikre nærhet mellom den som har behov og de som skal bidra til en løsning.” Vi viste også til at både Sverige, Finland og Danmark har grunnlovsfesta det kommunale sjølvstyret. Den todelte tanken bak grunnlovsforslaget var difor dels å kodifisera eit hevdvunne prinsipp i folkestyret vårt, dels å “harmonisera” vår eiga grunnlov med konstitusjonane til land vi ofte samanliknar oss med elles.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen handsama dette forslaget i vår. Fram til statsrådsskiftet i Kommunal- og regionaldepartementet i haust var eg sjølv medlem der. Lite overraskande for dei fleste gjekk eg inn for grunnlovsfesting – til liks med komitémedlemene frå SV, KrF og Framstegspartiet (Venstre er ikkje representert i Kontroll- og konstitusjonskomiteen i denne stortingsperioden). Dette fleirtalet i komiteen la til grunn at ratifiseringa av Europarådet sitt charter la og legg klåre føringar på at også Noreg bør grunnlovsfesta det lokale sjølvstyret. Sp, SV og KrF gjekk derimot inn for ei anna form for grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre enn Frp, som for sin del ynskte at grunnlovsfesting også skulle omhandla høve til å avvikla bindande, lokale folkerøystingar. Den politiske matematikken tilsa dermed at ingen variant av lokalt sjølvstyre samla støtte frå to tredelar av dei frammøtte stortingsrepresentantane då Stortinget handsama innstillinga i plenum den 31. mai. Derimot fekk eit forslag frå Arbeidarpartiet og Høgre samrøystes tilslutting. Det innebar at regjeringa vart beden om å setja ned eit utval som skal utgreia kva for konsekvensar ei eventuell grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre vil ha for anna lovgjeving overfor kommunane. No er det Justisdepartementet som har ansvaret for å fylgja opp dette stortingsvedtaket.

Sjølv tek eg sikte på å leggja fram ei stortingsmelding om lokaldemokrati neste vår. Den meldinga skal også drøfta grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre på eit prinsipielt, demokratisk grunnlag, mellom anna med utgangspunkt i rapportane frå Lokaldemokratikommisjonen. Eg meiner at denne stortingsmeldinga og den komande konsekvensutgreiinga skal kunna gje Stortinget eit breitt, djupt og solid grunnlag for ei ny handsaming av spørsmålet om grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre.

Eg vonar det kan skje alt i neste stortingsperiode. I så fall må eit nytt grunnlovsforslag skrivast, leverast og refererast i Stortinget innan neste sommar – i samsvar med § 112 i Grunnlova om grunnlovsendringar. Etter andre verdskrigen er det fyrst og fremst stortingsrepresentantar som har fremja forslag om grunnlovsendringar. I same perioden har ulike regjeringar berre fremja fire kongelege proposisjonar om endring av Grunnlova (i 1948, 1952, 1956 og  sist med St.prp. nr. 193 (1975-1976)). Dei tre siste galdt tilhøve knytte til røysteretten ved stortingsval. I skrivande stund er det like fullt uvisst kven som eventuelt vil fremja nye forslag om grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre.

Hovudpoenget mitt er dette: Over tid har fleire parti stilt seg positive til grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre. Snart vil det liggja føre eit endå betre grunnlag for å ta stilling til dette spørsmålet. Idear marsjerer sakte gjennom institusjonane i eit demokrati, og lyt gjera det når det gjeld grunnlovsendringar. I neste stortingsperiode både kan og bør tida like fullt vera inne for, om ikkje ei endeleg, så i alle fall ei opplyst og heilskapleg handsaming av dette spørsmålet.