Historisk arkiv

Lov og orden i Kommune-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa sendt til Romerikes Blad 16.10.07.

Innlegg av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa sendt til Romerikes Blad 16.10.07.

Denne veka pågår rettssaka om vassverkskandalen på Romerike i Nedre Romerike tingrett. Eg skal sjølvsagt ikkje forskottera utfallet av den saka, men den og andre saker i det siste har i det minste vist at det kan vera god grunn til å setja søkjelyset på etikk i Kommune-Noreg.

Regjeringa arbeider på brei front med dette. Nyleg sendte Kommunal- og regionaldepartementet ut på høyring framlegg til regelendringar som skal medverka til meir etiske kommunar. Som kommunalminister er eg oppteken av at lokalpolitikarar ikkje skal blanda rollene sine. Dersom ein kommunestyrerepresentant sit i styret for eit kommunalt selskap, skal vedkomande ikkje vera med og handsama saker i kommunestyret som gjeld det aktuelle selskapet. Eg går også inn for at det skal vera større openheit om mellom anna godtgjersla til styremedlemer i kommunale føretak og interkommunale selskap.

Slike regelendringar seier ikkje alt, men dei seier mykje: Vi ønskjer at kommunane i langt større grad enn no skal setja etikk på dagsordenen. Vi føreslår også at kommunane i årsmeldingane sine skal rapportera om kva dei har gjort for å sikra ein høg etisk standard i verksemda.

Berre mistankar om korrupsjon er alvorleg. Opphavleg tydde det italienske ordet corruzione at kvaliteten ved eit styresett vart forringa. Slik er det framleis. Korrupsjon i kommunane undergrev tilliten til folkevalde, tilsette og – sett på spissen – sjølve lokaldemokratiet. Slik sett er korrupsjon ei form for ureining. Regelbrot, muting (bestikkelser) og nasking frå fellesskapet sine midlar er destruktivt og undergravande: Med god grunn vert mange irriterte, like alvorleg er det at skattebetalarane sine pengar ikkje vert nytta til velferd og fellesgode. I tillegg og i verste fall er det smittsamt: Fleire kan ta sjansen på å lura unna og lura andre dersom dei ser at enkelte lukkast i å – som ein tidlegare statsleiar i Zaïre formante – stela lite på ein smart måte.

Eg trur ikkje at manglande etikk utgjer eit stort problem i kommunane. Men vi skal vera tydelege på at kravet om nulltoleranse gjeld. Kommunane skal drivast og styrast på eit vis som ikkje gir nokon grunn for mistanke om manglande etikk, tilfelle av korrupsjon eller økonomisk rot. Då må kontrollorgana i kommunane vera på vakt, men ikkje minst bør både tilsette og folkevalde leggja vinn og vekt på høvisk og etisk framferd.

Rett etter den andre verdskrigen møtte Josef Stalin den amerikanske utanriksministeren James Byrnes. Byrnes sa til Stalin at dei kommande vala i dei landa som Sovjetunionen okkuperte, måtte vera som Julius Cæsars hustru: Bortanfor einkvar mistanke om “uregelmessigheter”… Like høge krav skal vi stilla til kommunane!