Historisk arkiv

Opning av LandsByen næringshage

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innleiing ved opninga av LandsByen næringshage, Dokka 26.11.2007.

Innleiing ved opninga av LandsByen næringshage, Dokka 26.11.2007.

Gode forsamling!

De skriv historie her i dag; på same tid som denne næringshagen peikar framover.

Eg har hatt ein fin tur hit i dag. For nokre dagar sidan stakk eg jamvel innom via internett. Då lærte eg at Anna Rogstad - den fyrste kvinna som møtte på Stortinget i 1911 – kom frå desse traktene. Elles var Lands Museum her på Dokka og helleristninga ved Møllerstufossen lista opp som “severdigheter”. No kan eg ved sjølvsyn stadfesta at Landbyen næringshage også er vel verdt å sjå!

Eg har som kjent ikkje sete lenge på taburetten, men eg har alt vitja to andre næringshagar. Denne ”synfaringa” tok til alt den fyrste ordinære arbeidsdagen som minister. Då drog eg til Kapp der næringsministeren og eg møtte representantar frå innlandsfylka for å få innspel til arbeidet med regjeringa sin strategi for innovasjon. For snart tre veker sidan vitja eg Finnøy næringshage i heimfylket mitt i samband med opninga der. Og i dag er det altså Dokka sin tur.

Desse besøka har vore både inspirerande og lærerike! Felles for alle næringshagar er at dei samlar og samlokaliserer små bedrifter i tverrfaglege miljø. Eg er overtydd om at dette gjev grobotn både for friske tankar, kreativitet og pågangsmot. Eg trur òg at dette kan verka utviklande på dei etablerte bedriftene som får tilhald i næringshagane. Vi har òg så mange døme på at det ut av slike miljø veks fram nye idéar og nye bedrifter som står på eigne bein; at  bedrifter så å seia veks opp i næringshagane. Barnehagar er viktige for born, næringshagar gjev trygge og rike oppvekstvilkår for bedrifter!..

Kva er bakgrunnen for satsinga på næringshagar? Dette tiltaket byrja Ragnhild Queseth Haarstad i 1998, som då sat som kommunalminister i Bondevik I-regjeringa. Eg minnest dette godt – eg var sjølv sosialminister då. Den fyrste programperioden for næringshagane var meint å vara ut 2006. Før regjeringsskiftet for to år sidan var det i utgangspunktet difor uklårt kva som skulle skje vidare. Åslaug Haga tok opp stafettpinnen. Ho sytte for at satsinga både skulle halda fram og ikkje minst forsetja med auka styrke.

Kvifor næringshagar? Fyrst og fremst var tanken å motverka at ungdom med høgare utdanning forlét bygdene. Mange gjorde og gjer det av di det ofte er mangel på stimulansar og tiltak som kunne gjera det attraktivt for ungdommane å flytta tilbake til heimstaden sin etter avslutta utdanning for eventuelt å starta eiga verksemd i bygdesamfunnet. Næringshagesatsinga er eitt svar på denne utfordinga. Nettopp ved å tilby attraktive stader for samling, utvikling og dyrking av spanande arbeidsplassar i kunnskapsbaserte bedrifter – sjølve framtida. Næringshagane utgjer eit miljø av bedrifter lokalisert under same tak. Fellesskapen opnar for å dela kunnskap, ressursar og erfaringar. Poenget er at ein næringshage er som eit torg der folk kan dela kunnskap, ressursar og erfaringar med kvarandre. Eit torg der gründerar kan tusla rundt; tenkja, samtala, planleggja og handla! Den nære historia viser at næringshagane fungerer slik; slik medverkar dei til både optimisme og verdiskaping.

Dessutan er dei med og gir grunnlag for busetnad i heile landet: Dei fleste næringshagane er lokaliserte i kommunesentra i Distrikts-Noreg. Slik vert dei òg godt synlege i lokalmiljøa sine. Eg har og lagt merke til at næringshagen her på Dokka har fått ein framtredande plass i lokalsamfunnet; i fine, nye lokale. Det vitnar om at eigarane har lagt vekt på at næringshagen skal få dei beste føresetnadene for å verta eit fyrtårn i næringsutviklinga i regionen. Både fylkeskommunen og kommunen har lova støtte som gjer det mogleg for næringshagen å utvikla seg og leva opp til forventningane. 

Eg forstår det slik at Landsbyen næringshage vil satsa spesielt på verksemder knytte til tre og reiseliv. Dette er næringar med solide røter i denne regionen allereie. Her finst det stor kompetanse, men òg store utfordringar. Eg vonar at næringshagen kan medverka til å utvikla denne kompetansen vidare. Slik kan de òg leggja grunnlaget for etablering av nye næringsaktivitetar og lønsame arbeidsplassar. Både her Dokka og i regionen elles.

Eg vil gjerna rosa SIVA, som har arbeidd godt og systematisk med å satsa på næringshagane. Ikkje minst har SIVA lagt vekt på å skapa eit nettverk mellom næringshagane. Det er like viktig i ein større samanheng. Det ligg opplagt mykje kompetanse i dette nettverket allereie. Ved å læra av andre sine tabbar, kan ein kanskje unngå å gjera dei sjølve. Som diktaren og Nobelprisvinnaren Samuel Beckett sa det: “Prøv igjen. Gjer nye feil. Gjer betre feil.” Den raude tråden er å heile tida prøva og feila, og vinna auka innsikt og meir kunnskap ved å dela innsikt og kunnskap med andre. Mi oppmoding til dykk på Dokka må difor vera: Ta aktivt del i nettverket, del kunnskap og erfaringar med andre på same tid som de lærer av dei andre.

Mange står bak dette tiltaket, alle fortener takksemd og ære. Eg ynskjer dykk lukke til! Med dette – og med stor glede – erklærer eg no Landbyhagen næringshage for opna!