Historisk arkiv

Opningstale for Byggjekostnadsprogrammet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tale ved opning av Byggjekostnadsprogrammet sin programkonferanse 20. november 2007.

Tale ved opning av Byggjekostnadsprogrammet sin programkonferanse 20. november 2007.

Aller fyrst må eg få takka for ein svært inspirerande invitasjon til å koma hit og opna denne programkonferansen: Egil Skavang (programleiar, Byggjekostnadsprogrammet, BNL) skreiv til meg tidleg i oktober om dette. Han fortalde at dette var eit glitrande høve til å snakka til “kremen av smarte hovud” innanfor næringa. Det trur eg på!

No har eg sete nest kortast som kommunalminister; etter fire veker gjekk eg forbi Bjarne Lyngstad frå Venstre (Lyng-regjeringa, ja). På denne likevel korte tida har eg like fullt  møtt næringa ved fleire høve. Ikkje minst har eg møtt leiinga av Byggjekostnadsprogrammet. Eg er samd med dykk: Dette er eit viktig tiltak, og noko som også vi frå departementet si side skal halda fram med å engasjera oss i.

Utgangspunktet mitt er at byggjenæringa skaper store verdiar  heile landet og på sett og vis er den største distriktsnæringa. De påverkar korleis landet faktisk ser ut! Hovudpoenget er like fullt at vi saman kan ta tak i store utfordringar: Den eine gjeld å setja ut i livet nye reglar, rutinar og metodar som skal føra til auka kvalitet. Det er kanskje særskilt utfordrande når heile 97 pst. av dei over 40 000 verksemdene i næringa er små – med færre enn 20 tilsette. Det var også fleire oppslag om nett dette i NRK sist veke. Tal som tel viser at kostnadene med byggjefeil kan liggja på mellom 12 og 15 mrd. kroner i året.

Byggjekostnadsprogrammet er tenkt og meint som éin måte å møta denne utfordringa på. Det vart oppretta i 2005, og skal etter planen gå over fem år. Samla sett er det meininga at vi skal løyva 80 mill. kr til programmet. Eg veit at de ynskjer at det skal forlengjast. Nett det må eg koma tilbake til; dette er eit spørsmål som får sitt svar i dei vanlege budsjettprosessane.

Det avgjerande og relevante her og no er at programmet fungerer. Eg er glad for den entusiasmen og det engasjementet som programstyret utviser. Som kjent er det tre ”fokusområde” som er navet i dette hjulet:

• Betre kundekompetanse
• Auka produktivitet
• Betre leiing og ansvarleggjering i alle ledd.

Programleiinga ser etter mitt syn ut til å gjera ein svert god innsats for å halda aktiviteten i programmet på riktig nivå til ei kvar tid. Dei dreg i alle prosjekta, rapporterer til styret, hjelper styret med rapportering til eigarane (som er BAE-rådet og KRD). Gjennom god kontakt mellom programleiinga og oss som eigarar får vi nyttig innsikt i aktiviteten og god kjennskap til ”temperaturen” på prosjekta og programmet.

Over 35 forskjellige prosjekt utgjer no Byggjekostnadsprogrammet. Om lag 150 føretak er involverte. Prosjekta utgjer ei god samling av aktivitetar som eg har stor tru på vil gje oss resultat vi kan vera stolte av å ha vore med på. Eg er kjend med at nokre av prosjekta allereie (før ferdiggjering) har gjeve merkbar effekt. Det er svært oppløftande, og stadfestar at vi er på riktig veg!

Ei evaluering av programmet er gjennomført no i haust. Den viser at programmet har treft godt med prioriteringane sine. Evalueringa syner òg at prosjekta gjev von om at vi kan nå det  overordna målet om auka produktivitet og redusert auke i kostnadene.

Eg ser i programmet for i dag at nokre prosjekt skal trekkjast fram og få ekstra merksemd. Dette er så å seia den raude tråden i dette, trur eg: Det er naudsynt å dela kunnskap med kvarandre; involvera einannan i arbeid som skjer og informera om resultat. Dette kan vera utfordrande: Konkurrentar vil gjerne halda godtbitar og innovative grep for seg sjølve. Samstundes er det best for næringa samla sett å løfta i flokk. Eg er derfor svært nøgd med at næringa sjølv ser at det ikkje er noko alternativ til å samarbeida og trekkja vekslar på kvarandre.

Dette krev leiarskap. Leiingane i føretaka må visa veg; leggja til rette for tru på og evne til utvikling. “Kvinnenettverket” – eit av prosjekta som blir presentert nærmare i dag – må vera programmet sitt eige ”Kinderegg”.  Her får vi minst tre ting på ein gong! Det går rykte om at det  allereie er ein suksess. Ikkje berre får det fleire kvinner inn i leiande roller, det har òg blitt ein eigen møteplass på tvers av verksemdene. I tillegg har prosjektet gjeve næringa ein eigen stall med mentorar.

Kampen mot byggfeil er starta. Omfanget er alarmerande nok. Det er viktig for oss alle at det blir sett i verk tiltak for å bøta på dette. Eg er kjend med at gjennom prosjektet ”Feilkostregistering” (som også blir nærmare omtalt seinare i dag) får vi eit godt døme på at det nyttar å setja fokus på ting som skal betrast. Ved å setja i gong prosjekt med å registrere feil har dei berre allereie sett ein svært gunstig effekt. Prosjektet melder om at stor reduksjon på feilkostnadene alt er registrert hos Skanska. Alt no – før det er avslutta – har fleire meldt si interesse for prosjektet. Dette er svært bra; eg synest eg ser konturane av nok eit “Kinderegg”!

I sommar blei den nye bustadsida til forbrukarportalen opna. Dette er det fyrste store prosjektet som blei ferdigstilt innanfor programmet. Prosjektet har utvikla ein nettstad som skal gje forbrukaren ei kokebok ved bygging og kjøp/sal av bustad. Eg meiner prosjektet er eit godt eksempel på det som er intensjonen med programmet, nemleg utvikling av noko som blir nyttig for mange når det kan takast i bruk. Eg vil nytta dette høvet til å minna dykk alle om ansvaret de som deltakarar i programmet har for å dela resultat.  Kanskje kan nokre av resultata passa godt inn på Forbrukarrådet sine sider.

Det blir gjort ein del for å møta dei utfordringane som m.a. byggjekostnadsprogrammet har identifisert. Produktiviteten skal aukast og kostnadsveksten skal reduserast! Eg er kjend med at næringa har fleire eigne tiltak, utanfor Byggjekostnadsprogrammet, som også vil medverka til ei slik  positiv utvikling. Eg tenkjer spesielt på næringa sitt fokus på seriøsitet og dei tiltaka som er utløyst av det arbeidet. Eg er svært nøgd med at vi står saman i arbeidet med å gjera det vanskeleg for dei useriøse aktørane i bransjen.

Eg må også nemna at vi i vonar å leggja fram ei ny plan- og bygningslov for Stortinget ved årsskiftet. Som kjent har eg allereie varsla styrkt fokus på ansvar og kontroll i det nye regelverket. Både auka tilsyn og uavhengig kontroll har vore viktige emne. Vi har også fått på plass eit “seriøsitetsforum” – eit interdepartementalt forum som skal hjelpa til å styrkje huskjøparane og husbyggjarane andsynes den useriøse delen av næringa. Det fyrste møtet blei halde i oktober. Her vil eg ha nærare kontakt både med næringa, arbeidstakarorganisasjonane og forbrukarane.

Tida inne til å runda av. Eg ser at det er eit spanande og innhaldsrikt program her idag. Vonleg vil mange av dykk læra mykje av andre sine røynsler og resultat. Endå betre er det om desse lærdomane fører til både handling og samhandling mellom dykk. Det vil vera i samsvar med tanken bak  Byggjekostnadsprogrammet. På same tid er det nøkkelen til framgang.

Med dette erklærer eg konferansen for opna. Lukke til og takk for meg!