Historisk arkiv

Vi treng den lokale krafta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Foredrag av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa fra småsamfunnskonferansen i Kristiansund 23. oktober 2007.

Foredrag av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa fra småsamfunnskonferansen i Kristiansund 23. oktober 2007.

Innleiing
Skildring av vitjing til Utsira og Røvær 6. juni for å fortelja om småsamfunnsmidler.

Eg er særs glad for å kunna vera med på denne konferansen, og ikkje minst å få møta så mange medarbeidarar som har vore engasjerte med småsamfunnsprosjekt dei siste to åra. Dette gjeld representantar både frå fylkeskommunane, og frå kommunane og alle som elles er engasjerte i dette viktige arbeidet.

Eg veit at det er mange dyktige prosjektleiarar og prosjektansvarlege her i salen, som har gjort ein flott innsats med ulike småsamfunnsprosjekt. Mange av dykk er eldsjeler, og de trengst for å få fram gode resultat.

Dette er ein inpirasjonskonferanse der vi  saman skal skapa optimisme og ny energi, utveksla røynsler og gje kvarandre tru på at det nyttar å ta del i dette arbeidet. Gjennom KRD sine overføringar til regional utvikling og nasjonale prosjektmidlar i småsamfunnssatsinga, så har vi ressursar som medverkar til at vi kan få til mykje. Då vert innsatsen den enkelte legg i arbeidet gjevande, og lysta til å vera med på å oppnå resultat som betyr noko, vert motiverande.

Dette seier eg fordi det er særleg viktig å ha fokus på ein sterk distriktspolitisk innsats i dagens situasjon. Vi inne i ein høgkonjunktur. Landet vårt går så det suser! På mange stader er det å skaffa arbeidskraft, ikkje arbeidsplassar, som er utfordringa. Forskinga syner at sentraliseringa til dei store byane er sterkast i oppgangstider. Difor er det no særskilt viktig å styrkja distriktspolitikken, nettopp for å leggja tilhøva til rette for balansert og god utvikling i heile landet.

Korleis skal vi møte desse utfordringane?
Hovudgrepet i regjeringa sin distriktspolitikk er nedfelt i Soria Moria-erklæringa. Det botnar i eit mål om å gje folk reell valfridom når det gjeld val av bustad.

Då må fleire vilkår vera på plass. Velfungerande tenester, gode velferdstilbod, det må vera arbeidsplassar både for kvinner og menn. Kultur og fritidstilbod må styrkjast. Ikkje minst må bygder og tettstader stå fram som attraktive, med gode møterom og fin arkitektur. I korte trekk: Styrkt lokal og regional vekstkraft.

Slik kan vi leggja grunnlaget for bulyst, slik kan vi opna for at folk kan velja å ta heile landet i bruk. Distrikts- og regionalpolitikken må utformast slik at fridomen til å velja å bu, arbeida og leva også utanfor dei store byane vert oppfatta som reell.

For å få til dette må vi ha kommunar og fylkeskommunar med på laget. Saman kan vi  gje valfridom av bustad eit reelt innhald. 

Ja, skal vi lykkast, må vi ha ein stadig pågåande dialog, vi må få med eldsjeler og vi må ha med folk slik at vi får vita kva dei eigentleg ønskjer seg av tettstaden der dei bur eller kan tenkja seg å bu, og kva attraktivitet inneber for dei.

Småsamfunnssatsinga
Lokal kraft, tru og engasjement er ein føresetnad for å utvikla dei gode lokalsamfunna der folk vil leva. Det er eit slikt engasjementet nasjonale styresmakter ønskjer å stø opp om.

Kringom i landet finst det mykje kjærleik og engasjement knytte til lokalsamfunn, og tru på framtida. Denne krafta er sjølve føresetnaden for at vi kan lukkast med den småsamfunnssatsinga som no har vart ved i to år. Variasjonen i dei ulike prosjekta er stor. Eg gler meg til å høyra meir om kva konkret arbeid som er i gang rundt om i landet.

I sin årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur, sa direktøren ved Aasentunet i Ørsta, Ottar Grepstad, noko viktig som også gjeld småsamfunnssatsinga: Vi ser at stadig fleire bedrifter på ulike vis legg vekt på det ekte; profilerer seg meir aktivt som noko særprega lokalt, også reint språkleg: Fleire verksemder tek i bruk nynorsk for å streka under ekte, lokal tilhøyrsle. Det gjeld på sett og vis også småsamfunnssatsinga: Vi vil at dei ulike småsamfunna skal dyrka fram og hegna om særpreget sitt. Nettopp av di kvart småsamfunn i røynda er eit slags ”nisjeprodukt” – sjølve motsatsen til flat og einskapleg ”flyplasskultur”. Dette er også ein viktig føresetnad for geografisk valfridom, høve til aktivt å velja kor ein vil leva. For valfridom krev klare valalternativ; mangfald og forskjellige lokalsamfunn.

Politikk handlar sjølvsagt om å løyva pengar til slik satsing. Men politikk er også noko meir: Eg trur at ei underkjend side av politikken er korleis den pregar og formar det offentlege ordskiftet og dei tallause samtalane mellom folk. Difor handlar ikkje minst distriktspolitikken også om det vi opplever ein flik av her i dag: Samtale om satsing på lokalsamfunn, på særprega. Samtale om valfridom og ulike måtar å leva ekte liv på. Så i korte trekk: Småsamfunnssatsinga kan visa seg å verta ei stor satsing – ved at dette vert kjent, spreidd og snakka om.

Men tilbake til kronene, til løyvingane: La meg nytta høvet til å setja småsamfunnsatsinga inn i ein større (budsjettmessig) samanheng, og visa kor viktig dette arbeidet er i den samla regionalpolitikken til regjeringa.

Litt fakta og tal no når Statsbudsjettet for 2008 nyss er lagt fram:
Det distriktspolitiske løftet vil vera tydeleg i kvart budsjett som vert lagt fram  i stortingsperioden.

Regjeringa har gjeve kommunesektoren eit kraftig økonomisk løft. Det økonomiske opplegget for 2008 medfører at realveksten i inntektsnivået til  kommunesektoren  frå  2005 til 2008  er på om lag 20,8 mrd. kr. Kommunesektoren fekk også ekstra skatteinntekter i 2006 og 2007 på i alt om lag 8 mrd. kr. Styrkinga av kommuneøkonomien har medverka til å retta opp ubalansen i kommuneøkonomien og såleis betra det kommunale tenestetilbodet. Noko som er avgjerande for at  distriktskommunar skal framstå som attraktive.

Svangerskapspengar og foreldrepengar for sjølvstendig næringsrivande kjem som eitt nytt gode. Det vil vera med og gjera det enklare å driva som sjølvstendig næringsdrivande for kvinnelege gründerar som har skapt sin eigen arbeidsplass på ein mindre stad.

Løyvingane til distrikts- og regionalpolitiske tiltak aukar

  • Regjeringa har verkeleg snudd ein trend når det gjeld utviklinga i dei særskilde løyvingane til distrikts- og regionalpolitiske tiltak.
  • Figuren talar vel for seg sjølv! Inkludert budsjettforslaget for 2008 vil auken i løyvingane frå 2005 til 2008 vera på vel 27 prosent, eller 366 millionar kroner.
  • I statsbudsjettet for 2008 er det gjort framlegg om å auka løyvingane til distrikts- og regionalpolitikken med 115 millionar kroner i høve til 2007. Dette tilsvarer ein auke på om lag 7,2 prosent. Tala er i nominelle kroner.
  • Den differensierte arbeidsgjevaravgifta utgjer aleine 11 mrd. kroner per år.
  • Kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgivaravgift er haldne utanfor desse tala. Desse midlane er  kraftig reduserte grunna gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift. Løyvinga til kompensasjonsmidlar for 2008 er sett til 663,75 millionar kroner. Fordelinga av desse midlane kjem vi tilbake til nærare jul. Det same gjeld bruken av ”ekstramidlane” som vart nytta til utbygging av breiband i 2007.

 
Hovuddelen av løyvinga til regional utvikling går gjennom fylkeskommunane

  • Fylkeskommunane er dei viktigaste aktørane i arbeidet for å fremja regional utvikling. Løyvingane til fylkeskommunane går både til tilskot til distriktsretta bedriftsstøtte, tilrettelegging for næringsutvikling og utvikling av attraktive stader.
  • I 2008 vil om lag 1,3 milliardar kroner verta fordelte mellom fylkeskommunane over  kap. 551, post 60, utanom kompensasjonsmidlane for arbeidsgjevaravgift.
  • Hovuddelen av budsjettauken for 2008 vil synast i løyvingane til fylkeskommunane. Vi legg opp til at desse skal aukast med om lag 86 millionar kroner frå 2007 til 2008.

 

Dette er dei store grepa. Småsamfunnssatsinga er ei spissa satsing,  særleg i geografisk forstand. Det er eit hovudmål for oss å utvikle gode metodar på lokalt utviklingsarbeid for å gjera stader og bygder til attraktive buplassar og arbeidsplassar.  Vi har eit mangfaldig land, det er om å gjera å få fram gode eksempel som andre kan læra av. I den prosessen må vi rekna med at det og kjem fram dårlege eksempel, men dei kan vi òg læra mykje av.

For å gjennomføra og vidareføra satsinga i 2008 er vi heilt avhengige av å halda fram  det gode samarbeidet med fylkeskommunane.  Vi treng regional og lokal kunnskap for å finna dei gode prosjekta.

Småsamfunnssatsinga skal også synleggjera dei regionale strategiane. KRD skal  nytta fylkeskommunen sin kompetanse når tverrdepartementale samordningsutfordringar kjem på dagsorden.


Prosessen vidare for Småsamfunnsatsinga:
Vi vil så langt ressursane strekkjer til, halda tak i alle dei prosjekta som alt er i gang. Det vil i første rekkje skje gjennom følgjeevalueringa, og gjennom dei møtestadene som er etablerte.
 
Bygdeforsking skal evaluera Småsamfunnsatsinga. I og med at det er ei følgjeevaluering vil dei òg ta del i prosessen  med oppfølging, læring og utviklinga av nettverk mellom prosjekta og ikkje minst erfaringsoverføring. Bygdeforsking skal ha innlegg på konferansen om evalueringsprosessen. Dei vil sjølv fortelja om kva opplegg dei har for arbeidet sitt.

Vi vil gå i ein ny dialog med fylkeskommunane om nye prosjekt også i 2008. På bakgrunn av dei prosjekta som alt er sette i gang, oversikta ligg i mappene dykkar, kan ein få inspirasjon til nye gode idear.

Eg må berre kort nemna MERKUR-programmet. Tilgang på ein god daglegvarebutikk er for mange heilt grunnleggjande for at dei skal vurdera ei bygd som aktuell å bu i. KRD bruker derfor 9 mill kr. på MERKUR, merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar, og 5 mill kr. til eit eige utviklingstilskot til dei mest marginale utkantbutikkane.

Det er etter kvart ei omfattande portefølje av aktivitetar og prosjekt gjennom den nasjonale småsamfunnssatsinga, og nye skal òg koma til neste år.
Kommunane og fylkeskommunane vert utfordra til å finna fram til nye prosjekt, medan dei prosjekta som alt er i gang skal gå vidare. Vi vil arbeida for at vi får til prosessar med erfarings- og kompetanseoverføring. Vi ønskjer også at småsamfunnssatsinga skal vera så synleg at andre og vert inspirerte til å setja i gang heime med seg sjølve.

Det har heile tida vore ein føresetnad at aktuelle  prosjekt skal ha god lokal forankring. I og med at læring er slikt eit viktig element,  må de vera budde på å dela kunnskap med andre.


Avslutting
Eg har verkeleg gledd meg til å koma på denne konferansen og møta dykk.
Eg veit de brenn for livskraftige bygder og tettstader. Eg ønskjer å leggja til rette for at folk skal ha lyst til å busetja seg i dei ulike delane av vårt mangfaldige land. Eg synest sjølvsagt at Hjelmeland er den beste staden, men er open for at andre kan ha andre meiningar om den saka! Eg reknar med at eg får læra mykje i dag om korleis ein kan gå fram, og korleis staten kan vera med og leggja tilhøva betre til rette.

Sjølv om staten kjem med pengar, så er det  i fylket og i kommunane at det konkrete arbeidet skal gjerast.

Det gjeld å få fram dei gode, lokale initiativa, prosjekta, nettverka, og få til samarbeid. Slik kan vi få til utvikling i alle deler av landet og skapa attraktive stader og gode lokalsamfunn som folk har lyst å flytte til og bu i. Småsamfunnssatsinga er særs viktig i denne samanhengen. Så lukke til!