Historisk arkiv

- Få med dei unge!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 14.07.2008.

Vi veit at unge er engasjerte i samfunnsspørsmål. Like fullt er det berre om lag ein tredel av førstegangsveljarane som deltek ved kommunevala. Korleis skal vi få med oss ungdomen?

Dei unge har sjølve eit ansvar for å engasjera seg i samfunnslivet og verta deltakarar. Regjeringa kan ikkje vedta eit meir aktivt lokaldemokrati, men vi kan leggja tilhøva betre til rette. Det skjer no: Vi kjem til å setja i gang forsøk med røysterett for 16-åringar ved kommunestyrevalet i 2011 i nokre kommunar. 

Eg vonar at forsøk med lågare røysterettsalder kan gjera at 16-åringar kjem fortare inn i ei rolle som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine. Målet med desse forsøka er òg å få kunnskap om deltakinga; vi ønskjer å få vita meir om redusert røysterettsalder gjer ungdom meir medvitne om si rolle i samfunnslivet og moglegheita for å vera med på å påverka lokalmiljøet sitt.

Røysterettsalder er ikkje alt. Mange kommunar arbeider i dag aktivt for å trekkja ungdom med i styre og stell, mellom anna gjennom ungdomsråd, ungdomens kommunestyre, demokratiopplæring i skuleverket, innbyggjarinitiativ og open spørjetime. Gode lokale døme er omtalte i stortingsmeldinga ”Eit sterkt lokaldemokrati”, som eg la fram i juni.

Eg har stor tru på lokale initiativ og lokalt ansvar. Alle kommunar må gjere det dei kan for å sikra eit livskraftig lokaldemokrati òg i framtida. Dei må få med seg dei unge.