Historisk arkiv

Regjeringa leverer på breiband

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget er sendt til alle landets aviser 08.05.08.

Ved utgangen av året vil 99,8 prosent av husstandane i Noreg ha eitt eller fleire tilbod om breiband. Sidan 2006 har Regjeringa medverka til å byggja ut om lag 96 000 aksessar. Det utgjer ca. 4.7 prosent av husstandane i landet.

Nye utrekningar frå Teleplan viser at om lag 4000 husstandar vil vera utan dekning ved utgangen av 2008. Det er 4000 husstandar for mykje! Difor har Regjeringa også for 2008 løyvd 190 nye millionar kroner til spleiselag for full breibandsutbyggjing.

Vi reknar med at desse midlane først får full effekt i 2009.

I Soria Moria –erklæringa lova Regjeringa breiband til alle. Denne lovnaden er vi no i ferd med å innfri. Vi har ikkje tenkt å stoppa før alle husstandar, same kor ein er busett,  har eit fast eller mobilt breibandstilbod.