Historisk arkiv

Byggjeskikk og bruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget er sendt til Adresseavisen 22.04.08.

Kva hadde Cicignon meint om framlegget til ny plan- og bygningslov? Det får vi aldri vita. Då er Adresseavisen lettare å lesa. På leiarplass den 17. april skriv avisa godt og utfordrande om framlegget til lov som regjeringa nyleg har sendt til Stortinget.

Eit overordna mål med denne lova er å redusera byggjefeil. Dette rammar folk flest i for stor grad i dag. Difor går regjeringa inn for betre kontroll og skjerpa tilsyn med
med byggjeprosessar. Vi ynskjer å gjera det lettare, tryggare og enklare for bustadkjøparar og –byggjarar. Eg ser at også Adresseavisen er nøgd med dette.

Cicignon var mannen bak byplanen og atterreisinga av Trondheim etter den katastrofale bybrannen i 1681. Nettopp faren for nye brannar prega tenkinga hans – og dei fyrste bygningslovene som Stortinget vedtok utetter 1800-talet. Brann var fyrst og fremst eit samfunnsproblem i byar og tettstader. Dei byspesifikke lovene spegla dette. 

I ettertid er det lett å sjå at Cicignon òg la grunnlaget for utvikling av det vi no ser på som eigenarten til og det særmerkte ved Trondheim. Adresseavisen etterlyser liknande omsyn i forslaget til ny plan- og bygningslov: Omsut for byggjeskikk; lokal karakter og særhått, som det så lyrisk heiter på nynorsk.

Eg meiner at vi har tenkt på dette i rik mon. I lovframlegget legg regjeringa vekt og vinn på å stilla strengare krav til den arkitektoniske utforminga av bygningar som pregar omgjevnadene sine. Dei lett synlege skal vera eit syn. Di meir framtredande ein bygning eller annan type konstruksjon er, di høgare krav til visuell kvalitet. Dette gjeld til dømes kjøpesenter og idrettsanlegg, men òg hus i sentrum av byar og tettstader. I korte trekk: Meir enn før vil den nye lova gje kommunane høve til å ta vare på og utvikla stadeigen byggjeskikk.

Arkitektur speglar tida si. Det same gjer lover. Begge delar er menneskeskapte – og peikar framover på eit seigt og sakte vis: Det er snakk om lange liner, om framhald over tid. Meininga med framlegget til ny plan- og bygningslov er just dette: Å leggja tilhøva til rette for ei varsam utvikling av lokal eigenart og karakter, i samsvar med det som er og det folk ynskjer. Ei lov er likevel ikkje heile røyndomen: Folk flest, arkitektar, byggjenæringa og media har både eit ansvar og eit handlingsrom når det gjeld å prega omgjevnadene på eit vis som står seg like godt som til dømes byplanen til Cicignon.