Historisk arkiv

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget er sendt Dagbladet 26.02.2008.

Innlegget er sendt Dagbladet 26.02.2008.

Stadig fleire sit i byar og ser på TV-program som handlar om å bu på landet. Vi bør leggja forholda betre til rette for at fleire kan gjera nett det i praksis også.

Det har aldri budd fleire i Noreg enn i dag. No er over 4,7 millionar busette her til lands. Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at folketalet auka med rekordhøge 56 000 i 2007. Denne folkeveksten er ikkje jamt fordelt mellom dei ulike landsdelane. Hovudstadsregionen veks fortast, og dei andre storbyane fylgjer hakk i hæl. Det er mange måtar å lesa slike tal på. Ei tolking er at samfunnet vårt vert meir sentralisert: Fleire bur i store byar og omlandet deira.

Folk buset seg i byar og bynære område av fri vilje, sjølvsagt. Fordi dei ynskjer det, får jobb der og i det heile søkjer tilbod av mange slag som byane har og gjev. Ei rekkje individuelle frie val om å busetja seg i bykommunar fører derimot også til utfordringar for storsamfunnet. Eitt stikkord er pressproblem. Høge bustadprisar, bilkøar og utfordringar knytte til grøntareal er berre nokre uttrykk for dette.

Regjeringa ynskjer å leggja forholda aktivt til rette for gode lokalsamfunn og busetnad også i andre delar av landet. Kvifor? Jo, fordi ei jamnare geografisk fordeling av folketalsauken vil styrkja grunnlaget for busetnad og verdiskaping i heile Noreg. Statistikken frå SSB viser at mykje går rett veg. I 2007 auka faktisk folketalet i 259 kommunar. Ikkje sidan 2000 har så mange kommunar registrert stigande folketal. Dette gjeld både byar og landkommunar over heile landet.

Rett nok er det framleis kommunar i dei mindre sentrale stroka som gjerne har både flyttetap og fødselsunderskot. Dette tyder ikkje at desse ikkje er attraktive. Verken fleire eller færre innbyggjarar i ein kommune seier noko eintydig eller bombastisk om livskvalitet og moglegheiter.  Derimot kan ein for rask nedgang i folketalet i slike kommunar verka sjølvforsterkande, og er ei  særskilt utfordring for nokre kommunar. 
 
Verken regjering eller Stortinget skal eller kan påleggja folk å ta heile landet i bruk. Men styresmaktene kan medverka til at flest mogeleg – viss dei vil – får høve til å velja å gjera nett det. Då må vi sjå til at både småbyar og dei minste og minst sentrale kommunane kan levera gode velferdstenester,  og syta for at menneske og bedrifter kan satsa på næringsutvikling i alle delar av landet.

TV-serien til Oddgeir Bruaset samlar nær ein million sjåarar kvar sundag. Desse programma handlar om menneske som har vald å leva liv ikkje berre på bygda, men i den ytste periferi: Der få skulle tru at så særleg mange kan bu. Men ein sterk distrikts- og regionalpolitikk bør prøva å gjera det mogeleg for mange å bu der det fell dei inn, ynskjer og vil.

Slik geografisk valfridom er ikkje berre eit politisk ansvar. Det er avgjerande at innbyggjarane, lag og foreiningar i lokalsamfunn  og kommunar sjølve har ei open, inkluderande og tilretteleggjande haldning til tilflyttarar, etablerarar og verksemder. Dette gjeld særleg overfor unge i etableringsfasen og innflyttarar frå utlandet.

Det er som sagt ikkje berre eit politisk ansvar å leggja til rette for dette, men det er også nett det. Difor vil regjeringa neste vår leggja fram ei ny stortingsmelding om ambisjonar og innsats i distrikts- og regionalpolitikken i åra framover. Då er det viktig å vita meir om årsakene til at folk buset seg som dei gjer. Kva avgjer kor ein familie vel å slå seg ned? Kva forventningar har vi til ein god stad å bu? Kor mykje tyder gode løner? Slike spørsmål vonar vi å få svar på når Norsk institutt for by- og regionsforsking og SSB i år gjennomfører ein ny stor flyttemotivundersøking, den fyrste på over 30 år. Svar på desse spørsmåla bør leggjast til grunn for arbeidet med å gjera små og store stader i alle delar av landet attraktive for busetnad og tilflytting. Svara vil vi nytta i arbeidet med å vidareutvikla ein politikk som aktivt byggjer opp under ei positiv utvikling i heile landet, der folk kan få leva og verka ut frå ulike mål  med livet sitt.