Historisk arkiv

Det skal bli endå enklare å røysta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 24.08.2008.

Stor oppslutning om val er grunnleggjande for eit sterkt, levande lokaldemokrati. Derfor legg regjeringa til rette for endå høgare valdeltaking.

Enkelte veljarar som til dømes fiskarar, tilsette i utanriksfart og studentar, har gjeve uttrykk for at tida med førehandsrøysting er for knapp. Veljarane har høve til å røysta på førehand i ein månad før valet. Regjeringa gjer no framlegg om å gje dei som treng meir tid, høve til å røysta frå 1. juli valåret. Eg ønskjer at alle kommunar skal leggja til rette for eit røystemottak før den ordinære førehandsrøystinga startar. Veljarar som har behov for det kan då venda seg til kommunen og be om å få ”tidleg-røysta”.

I tillegg meiner eg kommunane bør få utvida moglegheit til å halda vallokala lenger opne. Regjeringa gjer framlegg om at kommunane sjølve kan avgjera at vallokala skal halda ope til kl. 21, i staden for kl. 20, slik ordninga er i dag. Eit mindretal i kommunestyret kan krevja dette. Eg går òg inn for at kommunen kan gjennomføra val både på søndag og måndag dersom eit mindretal i kommunestyret ønskjer det.

Alle med røysterett skal ha same høve til å nytta den demokratiske røysteretten sin ved val. Tidleg-røysting, utvida opningstid og todagarsval kan i nokre kommunar medverka til at fleire nyttar røysteretten sin. Slik kan vi gjera lokaldemokratiet vårt endå sterkare.