Historisk arkiv

Distriktspolitikk for fastbuande og tilreisande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Bladet Vesterålen 08.07.2008.

Regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk kjem innbyggarar over heile landet til gode.

I 2007 gjennomførte nordmenn 10 millionar feriereiser innanlands. Ifylgje Statistisk sentralbyrå auka talet på innanlands feriereiser med 26 prosent frå fyrste kvartal i 2007 til fyrste kvartal i 2008. Denne regjeringa jobbar aktivt for at fastbuande og tilreisande skal oppleve eit levande land.

For det er ikkje sjølvsagt at norske og utanlandske turistar møter levande lokalsamfunn og opne kulturlandskap når dei i desse dagar sett kursen mot ein eller fleire av dei flotte feriemåla i Distrikts-Noreg. Det er heller ikkje sjølvsagt at dei kan nyte godt av eit utbygd tenestetilbod med butikkar, kulturaktivitetar og andre tilbod som både turistar og fastbuande etterspør.

Eit sentralt mål i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikk frå 2006 er å ta heile landet i bruk og gje folk fridom til å velje kvar dei vil bu. Regjeringa meinar at aktive og attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for busetjing og reiseliv. Gjennom ei spesiell ”småsamfunnsatsing” har vi i samarbeid med fylkeskommunane støtta opp om lokale eldsjeler i ei rekkje konkrete, lokale prosjekt som medverkar til auka trivsel og aktivitet på mindre stader.
 
Eit av prosjekta går føre seg i Andøy kommune. Der har ein engasjert næringssjef, saman med fem bygder og fem daglegvarebutikkar i desse bygdene, og starta opp eit utviklingsprosjekt. Føremålet er å utvikla butikkane til å vera utviklingsaktørar som speler på lag med anna næringsliv, kommunen og folk som bur i bygdene. Siktemålet er at butikkane skal kunna yta anna service enn mjølk og brød, at dei gjennom sitt nettverk kan bidra til tilflytting og ny aktivitet. Prosjektet skal også medverka til større lojalitet til butikken, og forståing for kor viktig denne samfunnsinstitusjonen og møteplassen er for kvar bygd.

Ein velassortert butikk er også eit klart gode for alle turistane som kjem til Andøya, anten dei treng fiskekort, råd frå lokalkjente, eller kanskje berre ei pakke med grillpølser og myggspray. Kommunal- og regionaldepartementet har ei aktiv, støttande haldning til daglegvarebutikkar i distriktsområde. Ein god daglegvarebutikk i bygda er et stort aktivum.

No ser vi og positive tendensar i folketalet for mange distriktskommunar. I 2007 opplevde 65 fleire små distriktskommunar vekst i folketalet samanlikna med året før, og denne utviklinga heldt fram i 2008. Eg meiner den aktive politikken til regjeringa innanfor t.d. kommuneøkonomi, landbruk og midlar til ulike utviklingstiltak har ein god del av æra for dette.

 

 

 

 

.