Historisk arkiv

Distriktspolitikk for fastbuande og tilreisande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Oppland Arbeiderblad 10.07.2008.

Regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk kjem innbyggarar over heile landet til gode.

I 2007 gjennomførte nordmenn 10 millionar feriereiser innanlands. Ifylgje Statistisk sentralbyrå auka talet på innanlands feriereiser med 26 prosent frå fyrste kvartal i 2007 til fyrste kvartal i 2008. Denne regjeringa jobbar aktivt for at fastbuande og tilreisande skal oppleva eit levande land.

For det er ikkje sjølvsagt at norske og utanlandske turistar møter levande lokalsamfunn og opne kulturlandskap når dei i desse dagar set kursen mot ein eller fleire av dei flotte feriemåla i Distrikts-Noreg. Det er heller ikkje sjølvsagt at dei kan nyta godt av eit utbygd tenestetilbod med butikkar, kulturaktivitetar og andre tilbod som både turistar og fastbuande etterspør.

Eit sentralt mål i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikk frå 2006 er å ta heile landet i bruk og gje folk fridom til å velja kvar dei vil bu. Regjeringa meinar at aktive og attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for busetjing og reiseliv. Gjennom ei spesiell satsing på kulturbasert næringsutvikling har regjeringa i samarbeid med fylkeskommunane støtta opp om lokale eldsjeler i ei rekkje konkrete, lokale prosjekt som medverkar til auka trivsel og aktivitet på mindre stader.
 
Eit av prosjekta er i Gudbrandsdalen. Her har fleire bedrifter innan opplevingar knytt til ekstremsport i samarbeid med Kunnskapsparken i Lillehammer danna prosjektet ”Buck Ride” (Bukkerittet). Målet med prosjektet er å gjera Gudbrandsdalen til eit ledande reisemål for ekstremsport i Nord–Europa. Det skal føra til fleire tilreisande, auka verdiskaping og lønnsemd. Ei sentral del av prosjektet er å utvikle og prøve ut nye kanalar for marknadsføring og booking ved hjelp av internett og mobiltelefon. Prosjektet har mellom anna fått støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet.

No ser vi òg positive tendensar i folketalet for mange distriktskommunar. I 2007 opplevde 65 fleire små distriktskommunar vekst i folketalet samanlikna med året før, og denne utviklinga heldt fram i 2008. Eg meiner den aktive politikken til regjeringa innanfor t.d. kommuneøkonomi, landbruk og midlar til ulike utviklingstiltak har ein god del av æra for dette.

 

 

 

 

.