Historisk arkiv

Distriktspolitikk for fastbuande og tilreisande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Sunnmørsposten 08.07.08.

Regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk kjem innbyggjarar over heile landet til gode.

I 2007 gjennomførte nordmenn 10 millionar feriereiser innanlands. Ifylgje Statistisk sentralbyrå auka talet på innanlands feriereiser med 26 prosent frå fyrste kvartal i 2007 til fyrste kvartal i 2008. Denne regjeringa jobbar aktivt for at fastbuande og tilreisande skal oppleva eit levande land.

For det er ikkje sjølvsagt at norske og utanlandske turistar møter levande lokalsamfunn og opne kulturlandskap når dei i desse dagar set kursen mot ein eller fleire av dei flotte feriemåla i Distrikts-Noreg. Det er heller ikkje sjølvsagt at dei kan nyta godt av eit utbygd tenestetilbod med butikkar, kulturaktivitetar og andre tilbod som både turistar og fastbuande etterspør.

Eit sentralt mål i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikk frå 2006 er å ta heile landet i bruk og gje folk fridom til å velja kvar dei vil bu. Regjeringa meinar at aktive og attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for busetjing og reiseliv. Gjennom ei spesiell ”småsamfunnsatsing” har vi i samarbeid med fylkeskommunane støtta opp om lokale eldsjeler i ei rekkje konkrete, lokale prosjekt som medverkar til auka trivsel og aktivitet på mindre stader.

Eit av prosjekta er Vestnorsk fjordlandskap i Møre og Romsdal. Noreg har eit stort nasjonalt ansvar gjennom verdsarvstatusen som dette området har fått. Verdiane som ligg i natur- og kulturmiljøet i verdsarvområdet er avhengig av levande bygder og lokalt engasjement. Difor vert arbeidet for å sikra og utvikla verdsarvområdet knytt saman med vår nasjonale småsamfunnssatsing. Det er formidable ressursar som ligg i desse områda, både når det gjeld folk med pågangsmot og kjærleik for staden og fantastiske natur- og kulturkvalitetar. Nasjonale styresmakter vil derfor trø til og hjelpa fram slike lokale initiativ som har kome frå Møre og Romsdal, i samarbeid med Stranda og Norddal kommune.

Prosjektet som no får støtte gjennom den nasjonale småsamfunnssatsinga skal fokusera på korleis Geirangerområdet kan halda ved like og utvikla kulturlandskapet og næringsverksemda i bygdene i området, gjennom heile året, ikkje berre i den hektiske turistsesongen om sommaren.
No ser vi òg positive tendensar i folketalet for mange distriktskommunar. I 2007 opplevde 65 fleire små distriktskommunar vekst i folketalet samanlikna med året før, og denne utviklinga heldt fram i 2008. Eg meiner den aktive politikken til regjeringa innanfor t.d. kommuneøkonomi, landbruk og midlar til ulike utviklingstiltak har ein god del av æra for dette.