Historisk arkiv

Distriktspolitikk for fastbuande og tilreisande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Agderposten 08.07.08.

Regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk kjem innbyggarar over heile landet til gode.

I 2007 gjennomførte nordmenn 10 millionar feriereiser innanlands. I fylgje Statistisk sentralbyrå auka talet på innanlands feriereiser med 26 prosent frå fyrste kvartal i 2007 til fyrste kvartal i 2008. Denne regjeringa jobbar aktivt for at fastbuande og tilreisande skal oppleve eit levande land.

For det er ikkje sjølvsagt at norske og utanlandske turistar møter levande lokalsamfunn og opne kulturlandskap når dei i desse dagar sett kursen mot ein eller fleire av dei flotte feriemåla i Distrikts-Noreg. Det er heller ikkje sjølvsagt at dei kan nyte godt av eit utbygd tenestetilbod med butikkar, kulturaktivitetar og andre tilbod som både turistar og fastbuande etterspør.

Eit sentralt mål i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikk frå 2006 er å ta heile landet i bruk og gje folk fridom til å velje kvar dei vil bu. Regjeringa meinar at aktive og attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for busetjing og reiseliv.

Iveland kommune i Aust-Agder er plukka ut som eit av pilotprosjekta under Husbanken sitt program for stadutvikling, Bulyst og engasjement i småbyar og tettstader (BLEST). Der har skuleelevar bidrege med idear til korleis tettstaden Birketveit skal sjå ut i framtida. Ungdomane sine idear er no kopla med ideskisser frå dyktige fagfolk. Resultatet er svært visjonære planar for fortetting på den vesle staden Birketveit. Folketalet veks no i Iveland, og kommunen har skapt eit prosjekt som kan fungera som modell for korleis andre kommunar kan arbeida med å utvikla meir attraktive stader. 

No ser vi og positive tendensar i folketalet for mange andre distriktskommunar. I 2007 opplevde 65 fleire små distriktskommunar vekst i folketalet samanlikna med året før, og denne utviklinga heldt fram i 2008. Eg meiner den aktive politikken til regjeringa innanfor t.d. kommuneøkonomi, landbruk og midlar til ulike utviklingstiltak har ein god del av æra for dette.