Historisk arkiv

Distriktspolitikk for fastbuande og tilreisande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Avisa Valdres 08.07.2008.

Regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk kjem innbyggarar over heile landet til gode.

I 2007 gjennomførte nordmenn 10 millionar feriereiser innanlands. Ifylgje Statistisk sentralbyrå auka talet på innanlands feriereiser med 26 prosent frå fyrste kvartal i 2007 til fyrste kvartal i 2008. Denne regjeringa jobbar aktivt for at fastbuande og tilreisande skal oppleve eit levande land.

For det er ikkje sjølvsagt at norske og utanlandske turistar møter levande lokalsamfunn og opne kulturlandskap når dei i desse dagar sett kursen mot ein eller fleire av dei flotte feriemåla i Distrikts-Noreg. Det er heller ikkje sjølvsagt at dei kan nyte godt av eit utbygd tenestetilbod med butikkar, kulturaktivitetar og andre tilbod som både turistar og fastbuande etterspør.

Eit sentralt mål i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikk frå 2006 er å ta heile landet i bruk og gje folk fridom til å velje kvar dei vil bu. Regjeringa meinar at aktive og attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for busetjing og reiseliv. Gjennom ei spesiell ”småsamfunnsatsing” har vi i samarbeid med fylkeskommunane støtta opp om lokale eldsjeler i ei rekkje konkrete, lokale prosjekt som medverkar til auka trivsel og aktivitet på mindre stader.
 
Eit av prosjekta går ut på å utvikla merkevara i Valdres. Valdres skal utstråla at regionen er tufta på tradisjonar og inspirasjon frå naturen og landskapet. Ut frå dette arbeidet er det sett i gang ei rekkje positive tiltak, retta mot både fastbuande og tilreisande. Blant anna vert det lagt til rette for dei som ønskjer arbeid i regionen, og gjennomført tiltak som skal vera med og utvikla og halda levande dei lokalsamfunna som er i Valdres. Mangfaldet i Valdres er stort, basert på kultur, natur, næringsliv og alle dei engasjerte folka som bur der. Det er eit stort pre, både for fastbuande, hyttefolk og for rakfiskprodusentane langs Slidrefjorden.

No ser vi og positive tendensar i folketalet for mange distriktskommunar. I 2007 opplevde 65 fleire små distriktskommunar vekst i folketalet samanlikna med året før, og denne utviklinga heldt fram i 2008. Eg meiner den aktive politikken til regjeringa innanfor t.d. kommuneøkonomi, landbruk og midlar til ulike utviklingstiltak har ein god del av æra for dette.

 

 

 

 

.