Historisk arkiv

Dogmatisk distriktspolitikk?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget er sendt Aftenposten 07.03.2008.

Innlegget er sendt Aftenposten 07.03.2008.

Er målet om spreidd busetnad eit dogme i norsk politikk? Slik spør Kjell Madsen i ein kronikk den 24. februar. Og svarer ja. Eg er ikkje like sikker på det.

Eit dogme kan vera ei kyrkjeleg læresetning. Det er òg nemninga på reglane som filmskaparen Lars von Trier og ei rekkje andre danske regissørar definerte som oppskrift på god film i pamfletten Dogme 95 for snart 13 år sidan.

På sett og vis er vel den norske distriktspolitikken meir i samsvar med Dogme 95 enn ymse kyrkjelege læresetningar? Folk skal få bu “on location” i naturlege omgjevnader – der dei vil og ynskjer. Like stor rett skal alle ha til å flytta  kor dei vil. Denne siste setninga liknar mykje på ein annan definisjon på dogme: nemleg ei grunnsetning som ein utan prov eller grunngjeving går ut frå som sanning. Ikkje berre det: Retten til å flytta fritt og busetja seg kor ein vil er så sjølvsagt at det i kvardagen ikkje treng noka grunngjeving.

Madsen gjev meir eller mindre presist inntrykk av at distriktspolitikken krev ressursar og kostar pengar som ikkje er rekningssvarande. Det er eit ærleg standpunkt. Eg er usamd. Ein politikk som gjer det mogeleg å velja å bu i alle delar av landet, legg òg grunnlaget for verdiskaping. Som Kjartan Fløgstad har skrive det: Utan oppdrett i Rørvika ingen opera i Bjørvika. Mange næringar og arbeidsplassar krev spreidd busetnad, velferdssamfunnet vårt like eins. Ein politikk for spreidd busetnad handlar difor ikkje berre om å gje folk geografisk valfridom, men om å leggja grunnlaget for velstand og tryggleik.

Madsen skriv om pasientlause ambulansefly i skytteltrafikk mellom Brønnøysund og Bodø. Når alt kjem til alt, vert derimot også kronikken hans hengjande litt i lause lufta. Den raude tråden er mogelegvis at busetnadsmønsteret ikkje kan diskuterast. Den hypotesen har han sjølv falsifisert ved å skriva som han gjer. Dette tilsvaret er på sett og vis endå eit motprov. Men neppe ein spikar i kista: Ein god og betre distriktspolitikk krev kritikk og motbør, og vil alltid gjera det. Det høyrest kanskje dogmatisk ut, men det får stå sin  prøve.