Historisk arkiv

Ekofisk og kommunale ekko

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Haugesunds Avis 14.07.2008.

Kommunane skal vera ekko: spegla innbyggjarane sine ynske, krav og rettar – også lenge etter at Ekofisk-feltet er stengt. Difor er lokaldemokratiet viktig og vil verta viktigare.

I ettertid er det lettare å sjå det: 1969 vart eit vasskilje i norsk tidsrekning; før og etter drivverdige funn av olje under havet utanfor Rogalandskysten. Sidan har alt endra seg; ikkje minst på land og kanskje spesielt i kommunane. Fleire arbeider der, dei tilbyr fleire velferdstenester og er viktigare i og for lokalsamfunna enn nokon gong.

Oljerikdomen har openbert medverka til å endra kommunane: Meir pengar, fleire oppgåver.  Spørsmålet er korleis demokratiet der – det lokale folkestyret – har forandra seg sidan plattformene i havet tok til å produsera svart gull, grøne dollar og blanke kroner. På sett og vis er dette kjernen i stortingsmeldinga som eg la fram rett før sommarferien: “Eit sterkt lokaldemokrati”. Lokaldemokratiet er nett det: sterkt. Det kan like fullt gjerast betre; meir tidhøveleg, meir tilpassa nye utfordringar og nye veljarar.

Ekofisk-feltet vart det fyrste feltet, og er framleis eit av dei største. Frå om med 1971 har det vore produksjon der.

Kvifor heiter det eigenleg Ekofisk? Heile soga finst på internettsidene ”Kulturminne Ekofisk”. Då Phillips leita etter olje i Nordsjøen på 1960-talet, ynskte selskapet å gje felta fiskenamn. Earl Walters ved selskapskontoret i London gjorde framlegg om Ekofisk. Dermed vart det verken fugl eller fisk, korkje Ekkofisk eller Echofish.

I snart 40 år har det budd og arbeidd folk på Ekofisk – denne byen i havet, heilt ved yttergrensa av norsk territorium. Statsminister Trygve Bratteli opna oljeproduksjonen her den 9. juni 1971, og sa at den dagen “kan bli en merkedag i vår økonomiske historie.”

Nett som på Ekofisk-feltet er det alltid folk til stades i alle dei 430 kommunane i Noreg. Kvar dag, døgret rundt – innanfor like klåre grenser som den usynlege inndelinga av blokker og felt i Nordsjøen.

Bratteli fekk rett: Ekofisk har levert olje og skapt enorme verdiar. I lag med dei andre olje- og gassfelta har det òg skapt gjenlyd: Tankar og draumar om betre liv, rike moglegheiter og nye sjansar. Slik har det òg gått.

Framleis er feltet eit av dei største norske oljeproduserande felta. Enno kan det vera produksjon der i nye 40 år. Til slutt tek det likevel slutt. Alt no har Riksantikvaren omtalt installasjonane i Ekofisk-området som “noen av vår tids største og mest komplekse kulturminner”.

Plattformer på land
Kommunane er òg plattformer – på sin måte. Demokratiske plattformer – demokratiske arenaer. Dei skal levera velferd; skule, kulturtilbod, helse- og omsorgstenester. Over tid må dette skje i samsvar med det innbyggjarane ynskjer: lokaldemokratiet skal vera ekko og atterljom for folkemeininga.

I utgangspunktet trudde ein at berre ein tidel av olja på Ekofisk-feltet kunne hentast opp. Ny teknologi har auka denne prosentdelen til 50. Lokaldemokratiet kan òg gjerast betre og potensialet aukast. Då må det reformerast – med kløkt og varsemd.

Den ferske stortingsmeldinga viser korleis den demokratiske innovasjonen har vore sterkast lokalt. Over tid har kommunane vore laboratorium der forsøk, nyvinningar og idear har vore prøvde ut. Stemmerett for kvinner vart fyrst innført ved lokale val. Framleis har kommunane rom for og høve til å engasjera fleire betre, freista gjera politikken meir representativ og det lokale folkestyret meir framtidsretta. Stortingsmeldinga fortel meir om desse moglegheitene.

Sjølv hadde eg akkurat fått stemmerett då Ekofisk ”dukka opp” i 1969. Då var stemmerettsalderen 20 år. Frå og med lokalvalet i 1979 kunne 18-åringane også røysta. I stortingsmeldinga opnar vi for forsøk med stemmerett for 16-åringar ved lokalvalet i 2011. Når fleire får røysta, vert det demokratiske ekkoet sterkare.

Eit sterkt lokaldemokrati har ein verdi i seg sjølv. Det skaper òg meirverdi: ei samfunnsutvikling i samsvar med innbyggjarane sine tankar og draumar. Over tid er desse verdiane vanskelegare å måla enn olje, dollar og kroner, men endå meir verdt.