Historisk arkiv

Elektronisk lokaldemokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 01.10.2008.

Det byrja i Skottland: Innbyggjarane samlar underskrifter på internett og pålegg politikarar å handsama einskildsaker. No får alle norske  kommunar høve til å gjera det same.

Kva er initiativretten? Jo, ein rett som alle har til å krevja at kommunestyre skal handsama saker dersom mange nok har kravd det. Lova seier at minst 2 prosent av innbyggjarane må skriva under dersom kravet skal nå opp og fram. I alle høve skal 300 underskrifter vera nok. Alle tyder alle: inga aldersgrense gjeld; ein treng heller ikkje vera norsk statsborgar for å ta eller støtta eit initiativ.

Det nye er at underskrifter òg kan samlast inn på internett. Kommunal- og regionaldepartementet har fått utvikla programvare som alle kommunar fritt kan lasta ned frå heimesidene våre. Målet er å senka terskelen for folk flest: Ein skal kunna klikka seg inn på heimesidene til kommunen og leggja ut opprop om saker ein vil at kommunestyret skal handsama. På den same heimesida vil folk ha høve til å ”signera” og støtta initiativet.

Dei siste åra har 14 kommunar vore forsøkskaninar. I alt har det kome opp 31 initiativ frå ni av forsøkskommunane. Til dømes i Eidsvoll: Der kom det framlegg om ny klatrevegg for ungdom. Forslaget samla nok underskrifter til at kommunestyret måtte ta stilling til det. Nettopp det skjedde, og klatreveggen er i dag røyndom.

Ny teknologi opnar for nytt demokrati. Internett kan gjera det lettare for veljarar å påverka folkevalde. Og motsett: politikarar og kommunar bør nytta nettet for å informera betre om det som skjer og skal skje i kommunen. Elektroniske innbyggjarinitiativ er ei av dei nye moglegheitene som teknologien fører med seg. Framleis er innbyggjarinitiativet derimot lite kjent og endå mindre brukt. Eg vonar dette vil endra seg. Spesielt elektroniske innbyggjarinitiativ gjer det enklare å påverka kvardagen i lokalsamfunna. Slik kan folk flest ta initiativ, skapa debatt og engasjement - og laga rom for nye kommunale tilbod og løysingar. Slik kan òg politikken verta betre tilpassa ynska og meiningane til innbyggjarane i kommunen.