Historisk arkiv

Fleire byar i Belgia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kronikk sendt Stavanger Aftenblad februar 2008.

Kronikk sendt Stavanger Aftenblad februar 2008.

Norsk politikk handlar mykje om geografi. Også på dette feltet har vi noko å læra av Finland.

Kvifor snakkar vi om byar i Belgia? Sannsynlegvis fordi Lille Marius i Kielland sin roman “Gift” vart spurd om desse av adjunkt Borring. Boka kom i 1883. Då galdt den såkalla “bondeparagrafen” i grunnlova. Den gjekk ut på at landdistrikta skulle ha dobbelt så mange representantar på Stortinget som kjøpstadene; byane.

Bondeparagrafen - § 57 - vart endra i 1952, men framleis tel geografiske tilhøve ved fordeling av makt: I Finnmark står det rundt 15 000 innbyggjarar bak kvart stortingsmandat. I meir “sentrale” fylke som Oslo, Akershus – og Rogaland! – representerer kvar stortingsrepresentant kring 30 000 innbyggjarar. Etter valreforma i 2003 er det slik at talet på stortingsmandat frå kvart fylke vert rekna ut på grunnlag av både innbyggjartal og areal. I bondeparagrafen si “ånd” tel areal framleis meir enn innbyggjarar.

Det er ikkje uvanleg at geografi så å seia heng i hop med politikk på dette viset. Israel og Nederland skil seg ut frå det normale: I dei landa er heile landet éin valkrins. Elles er det bokstavleg talt skikk og bruk at geografi spelar ei lovregulert rolle i samband med val og fordeling av folkevalde mandat mellom ulike distrikt.

Geografisk mangfald
Bortanfor desse spelereglane, valordninga og stortingsval slår det meg at geografi også er tungt til stades i kvardagen. All distrikts- og regionalpolitikk botnar i overtydinga om at Noreg ikkje er eit punkt, men kjenneteikna av avstand, av store rom, ulike område. Og mange slags skilnader. Landskap varierer frå skog og dal til fjell og fjord. Språk er heller ikkje konstant; 114 kommunar har nynorsk som administrasjonsspråk, seks av dei 430 kommunane høyrer med til det samiske forvaltningsområdet. Ikkje minst varierer ressurs- og næringsgrunnlaget enormt: Ulike stader eller regionar har forskjellige fortrinn og kvalitetar når det gjeld næringsutvikling og vekst.

Ein god distrikts- og regionalpolitikk må spegla dette mangfaldet, meiner eg. Vi må  leggja forholda til rette for utvikling i samsvar med ulike føresetnader og utfordringar som avheng av geografi. Då må vi òg handla heilskapleg. Det nye etter stortingsvalet og regjeringsskiftet i så måte er regjeringsutvalet for distrikts- og regionalpolitikk: Dette er eit fast utval der heile sju statsrådar møtest jamleg. På denne korte tida har utvalet vorte ein viktig politisk verkstad for å konkretisera distrikts- og regionalpolitikken – på tvers av departement og sektorar, og med felles vekt på å sikra “romleg tenking” i politikken.

Kanskje høyrest dette abstrakt ut. Det er ikkje utan vidare det. Eit handfast døme er det såkalla NCE-programmet – Norwegian Centres of Expertice: Støtte til regionale næringsklyngjer, verksemder som heng saman og liknar på kvarandre på grunnlag av lokale særtrekk og spisskompetanse. Mønsterdømet er den differensierte arbeidsgjevaravgifta, som denne regjeringa har fått gjeninnført. Arbeidsgjevaravgifta varierer geografisk: Relativt lågare satsar i område med heller større utfordringar i høve sysselsetjing, busetnad og næringsutvikling enn sentrale strok. Ordninga er effektiv, ubyråkratisk – og ikkje minst jorda i eit geografisk blikk på samfunnet og forskjellige politiske utfordringar i ulike landsdelar; ulike geografiske utviklingsvilkår.

Meir geografi i skulen?
I boka ”Hva er geografi?” fortel Arild Holt-Jensen at geografi alltid har stått svakt som skulefag i Noreg. I Finland har det lenge vore annleis. Der vart geografi tidleg tildelt rolla som nasjonsbyggjar og løfta fram som eit nøkkelfag. Alt i 1899 – medan landet enno låg under Russland – vart det publisert eit “Nasjonalatlas for Finland”. Det viste kor det finske språket og den finske landbrukskulturen m.m. dominerte. Framleis har geografi ein sterk posisjon i den finske skulen. Til liks med Storbritannia, der geografi, morsmål og matematikk er dei viktigaste skulefaga.

Spesielt polfararane og ekspedisjonane deira førte også til interesse for geografi her til lands. Det Norske Geografiske Selskab vart skipa i Kristinia i 1889, og det var til det Roald Amundsen og Fridtjov Nansen rapporterte om bragdene sine. 

Over tid er det derimot faget som gjeld nett tida, historie, som har vore det nasjonsbyggjande emnet i norsk skule. Læra om rommet – geografien – har stått i skuggen.

Både tid og rom er knappe ressursar, skriv Holt-Jensen, begge delar avgrensar aktiviteten vår. Dessutan formar desse kategoriane handlingane våre, vil eg leggja til. Dei pregar både vallova vår og mykje av den daglege politikken. Difor vert geografi viktig både for å forstå, kritisera og betra det norske samfunnet.

Det er ikkje opplagt at vi skal kopiera det finske skulesystemet i eitt og alt, heller ikkje når det gjeld talet på geografitimar. Likevel har vi mykje å henta på å tenkja over og snakka meir om korleis nett geografi spelar ei heilt anna og viktigare rolle i samtida enn det adjunkt Borring var inne på. Lille Marius hadde fortent andre og betre spørsmål!