Historisk arkiv

Folkerøystingar og politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 29.07.2008.

Meiningsmålingar viser at folk sin tillit til folkevalde i Noreg er svakare enn før: Tilliten er lågare enn på 80- og 90-talet, og faktisk mindre enn i noko anna nordisk land.

Like fullt er tiltrua til folkevalde og politiske parti framleis høg jamført med ei rekkje andre europeiske land. Norske politikarar skikkar seg vel på tvers av partigrensene. Det skulle berre mangla!

Derimot kan folkevalde openbert ta i miss og gjera vedtak i strid med viljen og meiningane til folk som har vald dei. Eg skriv openbert av di dette er lett å tenkja seg. Det tyder likevel ikkje det å stå i spissen for upopulære reformer alltid er gale. Samstundes er det ofte ikkje enkelt å peika på og einast om kva som eventuelt er feil.

Meiningsmålingar kan bøta på dette: gje eit spegelbilete av kva eit representativt utval av folk meiner om einskildsaker. Det same kan folkemøte avdekkja: relevante opplysningar som bør høyrast og takast omsyn til. Dette skjer òg.
 
Heilt sidan 1890-talet har det i tillegg vore halde lokale folkerøystingar i Noreg. Meir enn både meiningsmålingar og folkemøte utgjer slike røystingar eit høve for veljarane til å kommunisera med folkevalde – ikkje minst mellom ordinære val.

Regjeringa har gjort framlegg om ei generell lovfesting av retten kommunane har til å halda rådgjevande folkerøystingar. Eg vonar mange vil gjera dette meir. Alt i dag er det vanleg at kommunane held folkerøystingar ved spørsmål om å endra kommunegrensene; slå saman eller dela opp kommunar. I røynda kan dei òg spørja om råd i ei rekkje andre saker som ligg til kommunane å avgjera. Eitt døme er spørsmålet om buplikt, som det var folkerøysting om i Nøtterøy kommune for to år sidan.

Ei lokal rådgjevande folkerøysting kan arta seg som ei meiningsmåling. Framleis er det folkevalde i kommunestyra som har siste ordet og som skal stå ansvarlege overfor veljarane i val. Men: Sjølv ei rådgjevande folkerøysting vil i regelen ha større gjennomslagskraft enn ei opinionsundersøking. Det er trass alt snakk om eit offentleg val, ein hevdvunnen del av det lokale folkestyret, ei demokratisk mønstring av folkeviljen. Di fleire som røystar og di klårare resultatet er, di tyngre vil rådet frå folket òg måtte vega for politikarane etterpå.

Meir kunnskap om lokale folkerøystingar – kvar dei vert haldne, kva veljarane røystar på; når og kvifor – vil gjera det lettare for kommunar og folkevalde å læra av kvarandre. Læra om korleis dei kan demokratisera demokratiet, rett og slett. Difor har regjeringa òg gjort framlegg om at opplysningar om denne delen av lokaldemokratiet skal samlast og offentleggjerast som ein del av valstatistikken i Noreg.

Vanlegvis handlar lokale folkerøystingar om klåre alternativ: anten-eller; status quo eller endring. Langt frå alle politiske saker kan samanfattast slik. Mange saker heng saman med andre; somme opnar for fleire handlingsalternative enn berre to. Poenget mitt er like fullt dette: Lokale, rådgjevande folkerøystingar opnar for meir folkeleg deltaking i politikken, gode råd til folkevalde, betre politiske avgjerder.

Slik kan kvaliteten i politikken òg betrast: fleire vedtak kan stemma betre overeins med den lokale folkeviljen. Slik kan også tiliten til både folkevalde og styresmaktene auka – om ikkje dramatisk, så i alle fall i rett retning.