Historisk arkiv

Frisk satsing på Groruddalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget er sendt Akers avis Groruddalen 07.03.2008.

Innlegget er sendt Akers avis Groruddalen 07.03.2008.

Groruddalen er eit stort geografisk område og har ein folkesetnad om lag på storleik med Stavanger. Groruddalsatsinga til regjeringa omfattar fire bydelar: Alna, Bjerke, Stovner og Grorud.  Her bur det folk frå alle verdsdelar, mange ulike og spanande kulturar. Det er òg stor variasjon i buforhold og levekår. Samstundes er Groruddalen eit viktig område i Oslo-regionen, med mange arbeidsplassar, store transportårer og terminalområde, og også  ureiningsproblem for mange av dei som bur der.

Regjeringa si satsing i Groruddalen er eit stort spleiselag mellom Oslo kommune og i fyrste rekkje fire departement: Miljøverndepartementet, Kommunal-og regionaldepartementet, Samferdsledepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Satsinga femnar om både fysiske, miljømessige og sosiale tiltak. I 2007 vart det samla satsa 130 mill. kroner ekstra i Groruddalen. I år vert det løyvt over 150 mill. kroner. Målet er å få til ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår.

Områdesatsinga er ein viktig strategi i regjeringa sin hovudstadspolitikk. Hovudstadsmeldinga skal drøftast i Stortinget torsdag. Sjølvsagt må Oslo kommune ha ansvaret for den heilskapelege utviklinga i Groruddalen, men ut frå dei store utfordringane som ligg i desse bydelane, vil regjeringa vera med og satsa saman med Oslo kommune på fire programområde: 

1. Miljøvenleg transport i Groruddalen
2. Alna, Grønstruktur, idrett og kulturmiljø
3. Bustad, by og stadsutvikling
4. Oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering.

Samla er vi faktisk 17 departement og statlege etatar, og 18 kommunale etatar og bydelar som samarbeider. Det er ei stor utfordring å få til eit samla løft. Alle må vere gå på tvers av alle dei barrierane som alt for ofte finst mellom ulike forvaltningsnivå og sektorar. Ein annan føresetnad for å lukkast er lokalt eigarskap og forankring. Vi skal ikkje tre tiltak ned over hovudet på folk. Meininga er at folk i området vert lytta til når det skal avgjerast korleis ressursane skal nyttast. Arbeidet er i gang, både i desse pilotområda og i bydelane elles, for å fanga opp initiativ og oppmuntra tiltak som kan koma mange til nytte. Det er ein målsetnad at folk i Groruddalen skal ha grunn til å vera stolte av å bu der, og at andre skal ha eit positivt inntrykk av denne delen av hovudstaden.

Eit stort løft er gratis kjernetid i barnehagen for alle 4- og 5-åringar; eit tiltak for å førebu alle, uansett bakgrunn, for ein god skulestart. Det kan òg medverka til ei betre integrering av alle som bur der, både i nabolaga og i storsamfunnet.

Husbanken er ein av dei sentrale aktørane i arbeidet med å betra levekåra. I kvar bydel er det peika ut eit særskilt satsingsområde der arbeidsforma heilskapleg områdesatsing vert utprøvd. Målet her er å konsentrera ressursinnsatsen innanfor eit geografisk avgrensa område i kvar bydel. Desse pilotområda er valde ut etter politisk handsaming i bydelsutvala. I Alna bydel er det Furuset- Gransdalen, i Grorud bydel er det Romsås, i Bjerke bydel er det Veitvet-Sletteløkka og i Stovner bydel er det Haugenstua som er valt ut. Fokus i desse fire områda skal vera på opprusting av uteareal i bustadområda, etablering og opprusting av møteplassar, rehabilitering og modernisering av lokalsentra, og ikkje minst oppbygging av lokal kompetanse og kapasitet når det gjeld nærmiljø og stadsutvikling. På førehand er det gjennomført analysar av sosiale, kulturelle og fysiske forhold i dei ulike områda.

Mindre tiltak kan òg vera viktige. På Furuset-Gransdalen er fellesområde rydda og klipt, gangvegen har fått lys og det er etablert et nærmiljøsenter som mange har glede av.  Samstundes vert det òg arbeidd med meir langsiktige tiltak for å betra levekåra. Mellom anna er det inngått avtalar mellom Husbanken, bydelen og bustadsamvirket for å sikra at arbeidet med utvikling og opprusting av miljøet kjem godt i gang. Gran skole er peika ut som kunnskapssenter og inkluderande møteplass under ein annan del av satsinga. Det er nettopp i samarbeidet mellom ulike forvaltningsnivå og på tvers av dei ulike statlege og kommunale etatane vi trur den største gevinsten finst.