Historisk arkiv

Interreg medverkar til utvikling på Hvaler

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Fredrikstad blad 29.07.08.

Kvar sommar vert den vakre Hvaler-skjergarden nær grensa mellom Noreg og Sverige fylt av turistar; folketalet i kommunen vert nær tidobla. Når hausten kjem forsvinn turistane og med dei arbeidsplassar og servicetilbod. Korleis kan Hvaler endra dette biletet og skapa berekraftig turisme heile året?

Slike spørsmål var utgangspunktet for Interreg-prosjektet CREST – Creating Sustainable Tourism Destinations. Prosjektet er delfinansiert av EU, og vart avslutta i april i år. Saman med fem kommunar frå fem ulike land, alle lokalisert rundt Nordsjøen, har Hvaler kommune utvikla eit verktøysett med tilrådde tiltak for berekraftige turistdestinasjonar. Å skapa eit levande kystsamfunn året rundt er ei problemstilling mange norske kommunar står overfor. Eit av resultata av CREST er ei praktisk ”handbok” som summerer opp kva for hovudtema ein må vurdera. Handboka identifiserer tiltak som kan inngå i konkrete handlingsplanar. Boka inneheld også døme som kan vera til inspirasjon for andre småsamfunn med ambisjonar om å verta meir berekraftige turistdestinasjonar.

Interreg, som er EU sitt program for grenseoverskridande regionalt samarbeid, står sentralt i samarbeidet mellom Noreg og EU på det regionalpolitiske området. Noreg har vore med sidan 1996, og programma er no godt kjende og populære blant norske deltakarar. At norske aktørar deltok i over 500 ulike Interreg-prosjekt med oppstart mellom 2000 og 2006, talar for seg.

I Noreg har vi lange tradisjonar i å samarbeida med aktørar i andre land. Saman identifiser aktørane oppgåver eller utfordringar som ein kan finna andre og betre løysingar på enn det som er vanleg i eige land. Interreg er eit nyttig verkemiddel for overføring av erfaringar og kunnskap frå ein region til ein annan. Arbeidet gjev konkrete resultat, styrkte nettverk og er ein reiskap for læring og fornying av regionalpolitikken, både regionalt og nasjonalt. Noreg har mykje kunnskap å bidra med, og kan samstundes læra mykje av kva andre gjer knytt til stadig nye utfordringar.

Deltaking i Interreg, eller andre europeiske samarbeidsprogram, skal ikkje vera noko som vert gjort på sida av det ordinære utviklingsarbeidet. Tvert imot skal arbeidet vera tufta på lokale og/eller regionale strategiar. Det er likevel slik at mange utfordringar berre kan løysast i lag og på tvers av landegrenser. Interreg gjev oss sjansen til det.