Historisk arkiv

Kommunesektoren sine muligheter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa på ordførerkonferanse 16. april 2008.

Innlegg på ordførerkonferanse 16. april 2008.

Kontroller mot framføring:

Kommunesektoren sine muligheter

Gode forsamling!

Gratulerer til kvar einskild ny ordførar!
Lukke til, alle de som har fått fornya tillit!

Kommunesektoren sine muligheter:

Barn og unge, framtida!
Eldre med kvar si historie!
Vaksne med ulik utdanning, kunnskap og erfaring!
Innbyggjarar som har levd lenge i kommunen, innbyggjarar som har flytta frå stad til stad, innbyggjarar frå andre land!
Kreativitet, pågangsmot, engasjement for eige nærmiljø, for byen og bygda!
MANGFALDET!
FOLK SOM BRYR SEG!
Det er kommunesektoren si fremste mulighet!

Tenk 20 sekund på kva muligheter som no ligg berrre i ”Ungt entreprenørskap!”

Eller i mangfaldet:
Forståing og respekt for eigen og andre kulturar!
”Folk til folk”-samarbeid i eige nærmiljø!

Helsing frå Bjarne Håkon Hanssen:
Invitasjon til sterkare innsats for busetjing og inkludering av fleire flyktningar!
Talet på asylsøkjarar med behov for vern aukar.
Talet på kommunar som vedtek nei eller pause aukar.
Dette heng ikkje i hop!
Eg ber om at de der og ser mulighetene!

Eg veit det trengst dialog mellom Regjeringa og dykk for å finna betre løysingar enn i dag! Det er vi innstilt på!

Kommunane ulikt utrusta frå naturen si side.

Ulik historie, geografi, storleik
Fjellregionen
Kysten
Landbruk, havbruk, hjørnesteinsindustri, reiseliv
Lag og organisasjonar
Hovudstad- eller  regionsenterfunksjonar

SVÆRT  ULIKE KOMMUNAR
ULIKE MULIGHETER!

Regjeringa si oppgåve:

Medverka slik at de kan utnytta historia, naturen, kunnskapen , kreativiteten!

Medverka til at alle kommunar har høve til å stimulera lokaldemokratiet
( Stortingsmelding om lokaldemokrati no i vår)

Medverka til at alle kommunar har likeverdige muligheter til å tilby gode lokale velferdstilbod!

Vera oppmenn:
AUKA DET LOKALE HANDLINGSROMMET!

Regjeringa føreslo eit løft for kommunane i statsbudsjettet for 2006
(5.7 mrd.). Vi fylgde opp i 2007.
Det gav alle kommunar nye muligheter!
Og de såg dei!

  • De fylgde opp Regjeringa og Stortinget sine mål om  fleire barnehagar  for å sikra full barnehagedekning
  • De styrka eldreomsorga med fleire tusen nye årsverk
  • Ja, ikkje berre det, no viser dei siste førebels KOSTRA-tala at de også auka vedlikehaldet.
  • Dei faktiske tala seier 40 % i løpet av 2006 og 2007.

Eg har sagt det før, og eg har endå større grunn til å seia det i dag:
Det er imponerande kva kommunane har fått utav dei ekstra midlane de fekk.
Både de, KS  og vi har fokus på effektiv drift.
Sparte kostnader på eit område gir nye muligheter på eit anna.

  • La meg minna om kva dei 20 grøne energikommunane kan fortelja om sparte energikostnader!
  • La meg også minna om at 1 % redusert sjukefråver i kommunane over tid kan frigjera 1.5 mrd til andre formål!

Kvalitet på tenestene er eit konkurransefortrinn.
Kvalitet er ikkje noko ein automatisk får til gjennom vedtak. 
For å lukkast må folkevalde, leiarar og tilsette arbeida saman.
Dette gjer kommunane i Kvalitetskommuneprogrammet.
Reduksjon i sjukefråver og møtet med innbyggjaren står sentralt.
Sjukefråveret har gått ned med meir enn samanliknbare kommunar. 

Ordføraren i Nord-Aurdal kjem fram:
Sterk reduksjon i sjukefråveret, kva har tiltaka vore og korleis trur du det har verka inn på tenestene?

(Søknadsfrist for nye opptak i Kvalitetsprogrammet 20.mai)

Ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk gir eigne muligheter!
Rekruttera, halda på, vidareutvikla  medarbeidarane
God kontakt med utdanningsinstitusjonane
Desentralisert utdanning
Regjeringa varslar smidigare reglar for utanlandsk arbeidskraft

KOMMUNEPROPOSISJONEN

Likeverdige muligheter må bety utjamning av inntekter

Nesodden( Ein sjukeheimspasient må etter operasjon betala for fysioterapi) 

Bærum    ( Tilbod om gratis fysioterapi ein time pr veke)

Sørheimutvalet godt utgangspunkt, men det blir nok ikkje akkurat slik!

Særleg to hovudtema:

  • Inntektene, …Kor stor skattedel?  Samansetjinga av skatten? Skal kommunane som i dag behalda noko av selskapsskatten? Graden av utjamning?
  • Graden av distriktsprofil – For ei regjering ”med hjarta for heile 
    Landet, skal distriktsprofilen vera tydeleg!!                                                                    

Eg veit de er spente på rammene for2009.

Forslag til eit nytt og meir rettferdig inntektssystem, samt forslag til rammer for 2009 kjem 15.mai.

Kom mai du skjønne, milde…
Søren Kirkegaard: Skulle jeg ønske meg noe…