Historisk arkiv

Kunnskapens ferjereiser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg sendt Haugesunds Avis 27.12.2007.

Innlegg sendt Haugesunds Avis 27.12.2007.

Landsgymnasa eksisterte i berre vel 50 år, men har framleis mykje å læra oss om fokus på kunnskap.

I år er det 40 år sidan eg sjølv tok artium ved Bryne gymnas. Fram til 1965 heitte skulen Rogaland offentlege Landsgymnas. Det namnet fekk gymnaset i 1947, då det vart overteke av staten. I byrjinga var Rogaland landsgymnas namnet; ein privat skule som vart skipa i 1924 etter initiativ frå Rogaland mållag i 1924. Eksamensrett fekk skulen i 1929. Dette landsgymnaset i Rogaland var eitt av i alt tolv slike i Noreg. Det fyrste kom på Voss alt i 1916. Med lov om vidaregåande skular i 1964 vart alle året etter omgjorde til vanlege gymnas.

Soga om desse skulane, om kvifor dei vart til, har kome i bokform i haust. Samlaget har gitt ut boka “Landsgymnaset” med artiklar av elevar ved alle landsgymnasa – i tillegg til ei historisk oversikt over rolla desse skulane spelte. Dette er ei viktig bok!

Andreas Skartveit skriv om Bryne; om Rogaland offentlege landsgymnas. Skartveit skriv godt, og for mange i dag må det vera meir enn oppsiktsvekkjande å lesa til dømes dette: “Eit år på Bryne den gongen [midt på 50-talet], med mat, hus, bøker og nokre klede, kosta kring 2000 kroner. Då var det ingen sprell lagt inn, og kledekontoen var klemt nesten til botnar. Det var lagerfrakkar og heimesydde skjorter og spøtakofter og omsydde bukser, mykje rart. Men det gjorde ikkje noko, for slik hadde alle det. Den gongen hadde far ei skattbar inntekt på 8000 kroner.” Skartveit skriv at han bøyer hovudet i takk og respekt; i dag er det mest ikkje mogeleg å tenkja seg at foreldre ofrar så mykje for at born skal få leggja ut på det som ein stad i boka vert omtalt som kunnskapens ferjereiser.

På ein måte skal vi vera glade for det. Velstandsauken dei siste femti åra overgår all historisk erfaring, og samfunnet har vorte demokratisert på det viset at terskelen inn mot utdanning og kunnskap er senka og har opna vegen for alle. Men dette er nytt, nesten ei blodfersk endring i samfunnet vårt. Ein annan – professor Jarle Simensen, gjekk på Eidsvoll landsgymnas, også på 50-talet. Han skriv om ein gong han var heime om møtte folk som sa at han var heldig. Sjølv hadde dei også ynskt å gå vidare på skule, men det fanst ingen utveg. “Det var mange uforløyste liv, generasjonar som ikkje fekk falde seg ut”, skriv Simensen.

Nord-Italia var sannsynlegvis fyrst ute med skule for nesten alle, skriv Skartveit: I Firenze i 1338 gjekk halvparten av borna i skulen. Så seint som rundt 1800 hadde mange i Rogaland berre nokre veker eller jamvel dagar med skulegang i året. Fram til 1816 låg skulen under fattigstellet her!

Meininga med landsgymnasa var ikkje minst å vera eit tilbod for ungdom frå landsbygda, der utdanningstilbodet jamt over var dårlegare og skrinnare enn i byane. Tilbodet skulle derimot ikkje vera dårlegare. Derfor var landsgymnasa strenge, sette høge krav på grensa til det elitistiske. Kunnskap og høge resultatkrav gjekk som ein raud tråd gjennom dette prosjektet, og det var ofte nådelaust: Skartveit fortel om teoriprøver i fysikk som kom tilbake til han med påskrift i raudt av typen “Tull! Sludder! Vas! Tøv!”

Slike erfaringar – og soga om landsgymnasa – har mykje å seia i dag òg, trur eg: Kunnskap kan gi lys og meining, men vegen dit krev innsats og offer. Kan henda var landsgymnasa alt for retta inn mot eksamen og karakterar, og lite eksperimentelle og nyfikne reint pedagogisk. Meir relevant i dag er det arbeidets lys som landsgymnasa bada i; bodskapen om at det ikkje går nokon snarvegar fram mot innsikt.