Historisk arkiv

Kva er demokratiet for?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kronikk sendt Stavanger Aftenblad 30.10.2007.

Kronikk sendt Stavanger Aftenblad 30.10.2007.

Kva er demokratiet for? spør professor Stein Ringen i ei fersk bok med same tittel. – Fridom, svarar han. Men kven kan vi læra av og venda oss til for å gjera demokratiet vårt betre?

Politikk krev tid, og tida i politikken har lært meg at idear marsjerer langsamt gjennom institusjonane. Demokratiske institusjonar: Mange skal høyrast, bokstavleg talt, før avgjerder vert tekne. Ringen oppfattar slike breitt forankra og bindande vedtak som den harde kjernen i eit folkestyre. Det overordna målet med slike avgjerder er å leggja grunnlaget for gode og frie liv.

Slikt er viktig å lesa, tankevekkjande og inspirerande. Det er også i tida: Neste år legg regjeringa fram ei stortingsmelding om lokaldemokrati. Meininga med den er nett å gå inn i dette feltet: Kvifor demokrati, kva inneber det, korleis skal vi gjera det betre?

Kvalitet
Tilbake til Ringen: Han skriv at demokratisk kvalitet seier noko om i kva grad folkestyret faktisk evnar å levera fridom til innbyggjarane. Spørsmålet er korleis vi kan måla demokratisk kvalitet og samanlikna demokrati. Her går Ringen etter måten grundig til verks. Han listar opp fire hovudkriterium. Først demokratisk styrke; når vart ålmenn stemmerett innført og er pressa fri? Så demokratisk kapasitet; er styresmaktene i stand til å fatta og effektuera vedtak, og er desse verna mot økonomiske interesser? Dinest: Tryggleik; fråvær av fattigdom og sikring av eit godt helsevesen. Det siste kriteriet er graden av tillit; både til dei demokratiske institusjonane og til framtida, til kvarandre, til eit framtidig liv i fridom. 

Utstyrt med dette “måleapparatet” ser Ringen nærare på 25 solide, velfunderte demokrati. Korleis kjem Noreg ut? Jo, heilt på topp – i lag med Sverige. Rett under oss vert Island plassert. Danmark og Finland er ikkje med. USA hamnar langt nede på lista til Ringen. Skreiv inntektsfordeling og mangelfullt offentleg helsestell trekkjer ned. Like eins den kjensgjerninga at ålmenn stemmerett i praksis ikkje vart innført før i 1965. Australia kjem også til kort på dette punktet: Først i 1962 vart stemmeretten down under utvida til å gjelda også for urfolket.

Eg synest det er meiningsfullt å tenkja såpass vidt om kva som avgjer og påverkar kvaliteten i eit folkestyre. Det vert for einfelt å berre sjå på valordningar, talet på konkurrerande parti og liknande. Til og med eit avgrensa fokus på borgarrettar kjem til kort, men vi kan gjerne starta der: Poenget til Ringen er at rettar må kunna brukast til faktisk å påverka kollektive, politiske avgjerder og samfunnsutviklinga. Då kan vi ikkje ha svolt. Eller korrupte styresmakter. Då kan ikkje lommeboka til den enkelte avgjera helsetilbodet. Og pressa må vera kritisk og alt anna enn servil.

Samtidig er det nærliggjande å snu på skillingen, meiner eg. Då oppdagar vi fort at reform av demokratiet, ei betring av folkestyret, krev vaken innsats på mange område. Frå utviding av stemmeretten via berekraftige pensjonsordningar til meiningsfull pressestøtte. Ringen er til dømes sjølv inne på kor viktig det er at familiane “fungerer” og at skulane er gode for at born skal veksa opp og ikkje minst inn i demokratiske samfunn. For at born som vaksne skal kunna gå inn i si tid, og der evna å ta ansvar for sin eigen og andre sin fridom.

“Problemet” med rangeringa til Ringen er kanskje at vi kjem så godt ut, svenskane og vi. Ein hard dom hadde på sett og vis gjort det lettare å identifisera land å læra av. Ein tung og ramsalt kritikk hadde gjort det meir nærliggjande å studera land med vesentleg høgare/betre demokratisk kvalitet. Men Ringen er ikkje der. Kanskje driv han det for langt hin vegen; Noreg vert tildelt tidvis overdriven ros, tykkjer eg.

Desentralisering
Eg skal derimot vakta meg for å framstilla boka til Ringen som storstilt noregsreklame. Han ber også til torgs tankevekkjande tankerekkjer som kanskje særleg ein kommunalminister gjer klokt i å merka seg. Spesielt dette: Demokrati må reformerast, insisterer Ringen på. Og desentraliserast, held han fram. Vi bør uavlateleg vera på jakt etter nye måtar å organisera det lokale folkestyret på. Det er ikkje gjeve at dette skal vera ein “kopi” av det nasjonale demokratiet. I staden bør det opnast opp for forsøk, for nyvinningar, for andre og ikkje minst meir deltakande demokratiformer lokalt. Bakteppet for desse tilrådingane er at det lokale nivået – kommunen – ikkje berre er ein tenesteytar, men ein demokratisk arena. Sentralisering av makt og ein sterkare stat medverkar til å undergrava det lokale torget; det tette og nære folkestyret. Ringen er samtidig ærleg på at eit utvida lokalt folkestyre aukar sjansen for lokale skilnader, eksempelvis i form av ulikt tilbod og utforming av velferdstenester frå kommune til kommune. I tråd med lokale ønske, preferansar og føresetnader.

Vi – den raudgrøne regjeringa – er tungt, langt og djupt inne i denne diskusjonen, i dette politikkfeltet. Vi har lagt fram ei desentraliserende forvaltningsreform. Og – som nemnt ovanfor: I Kommunal- og regionaldepartementet er også arbeidet i gang med ei stortingsmelding om lokaldemokrati. Den skal vera ei oppfølging av arbeidet til Lokaldemokratikommisjonen. Vi held fram med å leggja til rette for demokratiske eksperiment lokalt.

Men igjen: Idear marsjerer sakte gjennom institusjonane. Reformer skal vera nettopp det, reformer. Politikk krev tid. Denne tida opnar derimot også opp rom for tankeverksemd, refleksjon og vitjing av forskingsfronten. Ringen er ikkje slutta i og med Ringen, men boka ”What is democracy for” er eitt nyttig innspel i eit evigvarande arbeid – trur eg – for å sikra og utvikla demokratiet. Ei slik styreform av, for og blant menneske, er alt anna enn gudgjeve, og kan sakte verta undergrave og svekka utan vaken kritikk og konsentrert arbeid for å hegna om det. Det gjer vi best, skriv Ringen, ved å reformera det. Akkurat det er ei viktig påminning.