Historisk arkiv

Kva skjer i Nord-Noreg?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget ble sendt til medier i Nord-Norge 09.06.2008.

Det klassiske spørsmålet til Ottar Brox gjeld framleis. Men svara er annleis i dag enn for 40 år sidan.

Debattboka til Ottar Brox vart – med rette – ei av dei mest kjende og omdiskuterte her til lands. Boka kom derimot ut før det vart funne olje på Ekofisk. Brox skreiv òg i skuggen av den kalde krigen.

I dag er det norske olje- og gasseventyret derimot i ferd med å bli eit nordnorsk fenomen – og framtid. I tillegg er grensa mellom Noreg og Russland ikkje noko jarnteppe, men ei opning for samarbeid, handel og folkeleg samkvem.

Regjeringa er oppteken av at politikken òg skal spegla den nye situasjonen, dei nye moglegheitene som finst i Nord-Noreg. Kva er det som skjer i Nord-Noreg i så måte?

Olje og gass skal bli like gunstig for Nord-Noreg som lenger sør i landet: Olje- og energidepartementet har i samarbeid med departementet mitt gått gjennom gjeldande regelverk for å gjera tydeleg krav og forventningar som departementet stiller overfor oljeselskapa. Målet er å skapa ringverknader gjennom underleverandørverksemd, samt ei meir føreseieleg planlegging i lokalsamfunn og vertskommunar. 

Meir kunnskapsindustri skal koma og prega Nord-Noreg. Tilgang og kvalitet  på kunnskapsmessig infrastruktur innan forskings- og utdanningssystemet i Nord-Noreg er særs viktig for å skapa betre tilhøve for langsiktige ringverknader; auka verdiskaping, fleire interessante jobbar, meir busetnad. Etableringa av EnergiCampus Nord i Hammerfest er eit interessant eksempel på samspel mellom næringslivet og nasjonale og regionale kunnskapsinstitusjonar. Etableringa til SINTEF i  Tromsø er på same måte eit spennande steg i retning av sterkare forskingsmiljø i nord.

Regjeringa ynskjer å få meir næringsutvikling og innovasjon ut av dei distriktspolitiske midlane som vert investerte i Nord-Noreg. Korleis? Ein gjennomgang av verkemidla i distriktspolitikken i samarbeid med landsdelen viste at olje, gass, reiseliv og kunnskapsmessig infrastruktur er fellesnemnarar for heile Nord-Noreg. Dette er område der vi særleg vil utfordra verkemiddelaktørane og næringslivet til å gå inn eit meir fagleg samarbeid. Mykje har alt skjedd, og meir vil fylgja i år. SIVA har for eksempel etablert industriinkubatorar i Hammerfest og Harstad i samarbeid med StatoilHydro. I år kjem Innovasjon Noreg  i gang med tiltak for å utvikla samarbeid mellom verksemder i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Samarbeidet med Russland har sannsynlegvis berre så vidt byrja. Den økonomiske veksten i Russland og spesielt utbygginga av gassfeltet Stockmann har skapt ein ny situasjon. Innan ganske få år vil arbeidskraft pendla over grensa i begge retningar. Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsmelding om arbeidsinnvandring og kome med framlegg til ordningar med smidigare grensepasseringar. Gjennom 15 års samarbeid i Barentsregionen har fylka i nord etablert eit unikt nettverk i Nordvest-Russland, som mellom anna arbeidet i Nordlege Maritime Korridor forsterka endå meir.
 
Nord-Noreg i dag er bokstavleg talt eit anna land enn på 1960-talet. Landsdelen vil halda fram med å endra seg. I kva retning? Mykje ligg til rette for at nett reiselivssatsing kan bli eit fyrtårn. Eit nordlys!Nord-Noreg har naturgjevne føremoner som gir eit unikt næringsutviklingspotensial innan reiseliv. Eit anna mogeleg fyrtårn som kan visa veg er ”arktisk teknologi”; satsing på kunnskapsproduksjon og næringsutvikling innan vernebuing (beredskap), miljøteknologiar, energi og  marine næringar.

Ein av konklusjonane til Ottar Brox var at Storting og regjering ikkje la til rette for ei samfunnsutvikling i nord som var i samsvar med lokale føresetnader, tilhøve og ynske. Målet no er det motsette – på same tid som moglegheitene er nye, større og meir lovande enn på lenge