Historisk arkiv

Kvalitet frå vogge til grav

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt LO-Aktuelt 12.09.2008.

Aldri har fleire arbeidd i kommunane. Aldri har kommunane levert meir velferd: barnehage, skule, kultur, helse og omsorg. Og aldri har det vore viktigare å få på plass høg kvalitet på dei kommunale tenestene.

Kvart år brukar nordmenn over 40 milliardar kroner på oppussing av bad. I gjennomsnitt aukar såleis kvaliteten på baderomma til folk. I dag er det registrert over 5 millionar mobiltelefonabonnement i Noreg. Kvart år vert kvaliteten på desse telefonane betre: fleire funksjonar, større moglegheiter. Desse einskilddøma er tilfeldige. Dei er likevel ein del av eit breiare og djupare mønster: Vi opplever betre tenester på mange felt. Vi forventar auka kvalitet på stadig fleire område.

Dette gjeld sjølvsagt også tenester levert av det offentlege. Ikkje minst handlar det om det kommunale tenestetilbodet som alle i ulike fasar av livet får og har krav på. Det er ikkje alltid lett å måla presist kvalitetsauke på slike tenester. Det tyder likevel ikkje at det er umogleg å leggja til rette for høgare kommunal kvalitet.

Her kjem Kvalitetskommuneprogrammet inn i biletet. I dag er 124 kommunar med. Etter planen skal prosjektet vara ut 2009. Då er målet at halvparten av kommunane tek del. Kva handlar dette om i praksis? Jo, kraftfull innsats for betre barnehagar, betre skule, betre omsorgstenester – og lågare sjukefråvær. Det siste er avgjerande for velferda til dei tilsette og såleis for kvaliteten på tenestene.

Kvalitetskommuneprogrammet er tufta på ein banebrytande samarbeidsavtale mellom staten, KS og arbeidstakarsamanslutningane UNIO, YS-K, Akademikarane og LO-K. Trepartssamarbeid lokalt er ein viktig føresetnad for arbeidet i Kvalitetskommuneprogrammet: Administrasjon, tilsette og folkevalde finn i fellesskap ut korleis dei skal løysa oppgåvene i eigen kommune. Erfaringane viser at mange kommunar vert meir målretta; får utretta meir. Prosjekt i omsorgstenesta eller skulen vert overført til andre delar av organisasjonen og medverkar til styrkt samarbeid for felles mål. Vi får meldingar om føremoner for alle partar: Betre vedtaksprosessar i politiske organ fordi dei folkevalde har betre innsikt, meir kvalifiserte og engasjerte tilsette fordi dei har større  forståing for andre sin røyndom. Alle kvalitetskommunane skal dokumentera resultatforbetringar etter utvalde tiltak på skular, i barnehagar og innan helse- og omsorgssektoren.

Regjeringa har auka dei økonomiske overføringane til kommunane. Gode økonomiske rammer er grunnleggjande, men høgare kvalitet i det kommunale tenestetilbodet krev òg medvit om at nett det er viktig. Kvalitetskommuneprogrammet medverkar til ei slik bevisstgjering. Det skal synast i kvardagen: Vi vil at innbyggjarane møtast med respekt. Vi ønskjer at innbyggjarane skal verdsetja tilsette som har rom for å yta gode tenester. I utgangspunktet er ikkje dette omstridt. Det er ikkje vanskeleg å få fleire enn regjeringspartia til å  slutta seg til slike mål. Det er like fullt dagens regjering som faktisk gjer noko med det: Vi inviterer til felles innsats: auka kvalitet frå vogge til grav.