Historisk arkiv

Kvinne + gründer = framtid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget sto på trykk i Nationen og blei sendt alle media 19.12.08.

Må Reodor Felgen vera ein mann? Nei. Difor ynskjer regjeringa fleire kvinnelege gründerar.

Gründerar er bokstavleg tala grunnleggjande. Dei startar føretak, skaper alskens ringverknader i lokalsamfunna sine og mange av dei realiserer draumane sine. Brorparten av gründerane er derimot menn. Nationen fortel jamvel at talet på kvinnelege gründerar går ned.

Det må ikkje vera slik, og eg meiner at det ikkje bør vera slik heller. Eit livskraftig næringsliv og ei framtidsretta næringsutvikling skal ha like stort rom for kvinner som for menn. Kanskje er fleire kvinnelege gründerar eit vilkår for fleire nyetableringar.

Det ynskjer regjeringa å medverka til. Difor lanserte vi ein handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner tidlegare i år. Den planen inneheld tolv nye tiltak for å nå målet om at 40 prosent av gründerane i 2013 skal vera kvinner. Eit av desse tiltaka er mentorordningar for unge etablerar. Dette er eit pilotprosjekt i regi av Innovasjon Noreg og vart sett ut i livet i haust.

Mentor var namnet på rådgjevaren til sonen til Odyssevs. Målet med det omtalte pilotprosjektet er òg å gje råd: Meininga er å utvikla eit tilbod om strategisk rettleiing over tid, råd som aukar sjansane for at unge gründerar lukkast med å utvikla nye verksemder. Kvar deltakar skal få sin eigen rettleiar som stør han eller henne med relevant kunnskap, nettverk og anna hjelp i oppstartsfasen.  

Dette skjer no i Hordaland, Sogn og Fjordane og Troms. I alt er 42 personar med. Nær halvparten av desse ynskjer å driva med tenesteyting. Til dømes hotell, restaurant, gardsopplevingar og kafedrift. Deltakarane er fordelte på 27 mentorar. Det gledelege er at halvparten av deltakarane er kvinner.

Dei tre fylka står relativt fritt til å innretta ordninga i lys av andre tiltak som alt finst i fylka. Difor er det nokre skilnader på kor langt dei ulike gründerane som er med i prosjektet har kome i etableringsprosessen: Somme av dei er i ferd med å laga ein forretningsplan, andre ynskjer hjelp til å veksa; nå nye marknader og oppnå lønsemd.

Eg ser fram til å sjå om mentorordninga kan vera eit eigna verkemiddel for å få fram fleire vekstbedrifter leidde av kvinner. Alt no ser vi like fullt at dette er eit tilbod som appellerer til unge kvinner. Dette peikar framover mot både auka verdiskaping og jamstelling. Noreg treng meir av begge delar.