Historisk arkiv

Microsoft, Hertervig – og politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Haugesunds Avis 03.10.2008

Kvardagen er breiddfull av teknologiske framsteg. Datamaskinar og programvare utviklar seg med stormsteg. Kva med politikken? Korleis måler vi politisk innovasjon og kvalitet?

Berre for 15 år sidan hadde kvardagen i dag arta seg som science fiction. PC’en på kontoret mitt er liten, låg og lett, men den vesle datamaskinen ruvar i terrenget. Heile tida er eg berre tastetrykk unna all verdas informasjon og minne. Medan eg skriv dette, liknar skjermen på ein gammal skrivemaskin. Det er til gjengjeld alt som liknar: teknologien har endra røyndomen så raskt og gjennomgripande at fantasi har vorte normalitet.

Versjon 2.0 osb.
Dei fleste kjenner til Apple og Microsoft, dei fleste kan lett einast om at produkta deira speglar og har drive fram omfattande teknologiske endringar i samfunnet. Nye versjonar fylgjer eldre som perler på ei snor. Dei nye er alltid betre enn dei som vert avløyste. Fleire funksjonar, fleire valalternativ, fleire ukjende felt opnar seg opp.

Nyvinningane er synlege. Dei ligg i dagen. Dei formar kvardagen. Dessutan tek det kort tid å ta inn over seg korleis nyvinningane – nye datamaskingar, ny programvare – har utvikla seg, kva som har vorte betre og korleis handlingsrommet er utvida.

Dikt, skulpturar og måleri
Kunst pregar òg samfunnet, om enn annleis og på andre vis enn teknologi. Kvart år vert det laga ny kunst: nye dikt, nye skulpturar, nye måleri. Innimellom vert det laga noko banebrytande og genialt – noko som vert ståande. Lese, opplevd og sett.

Det kan derimot ta lang tid før kunst vert “oppdaga” slik. Slike oppfatningar kan òg skifta og variera over tid. Gløymde kunstnarar kan verta oppdaga av nye generasjonar. Og motsett: det kjente kan svinna inn i gløymsla.

Kunsten er ikkje det motsette av teknologi slik sett, men det er vanskelegare å sjå kvalitet, einast om kva kvalitet er og i tillegg – på noko fornuftig vis – å einast om når og kor graden av kvalitet aukar.

Mellom kunst og teknologi
Kor kjem politikken inn i dette lett stiliserte biletet? Det enklaste er lettast å skriva om: nett som teknologi og kunst pregar politikk samfunnet, kvardagen og liva til innbyggjarane i by og land. Lover, statsbudsjett og internasjonale avtalar: Politiske vedtak påverkar mykje, og mykje meir enn for både 50 og 100 år sidan.

Slik sett – og sett på spissen – liknar politikken meir på teknologi enn på kunst. Gjennomslagskrafta er såpass stor og utbreiinga såpass vid at politikken beintfram gjennomsyrer samfunnet på lik line med teknologien.

Derimot er det vanskelegare å jamføra politikken med teknologi når det kjem til innovasjon og måling av kvalitet. Er Grunnlova av i dag betre enn 1814-versjonen? Fyrst og fremst er konstitusjonen i dag meir tilpassa dagens samfunn. I tillegg har alle endringane vore legitime og gjennomtenkte: alle endringar må vedtakast av breie fleirtal; minst to tredelar av stortingsrepresentantane må røysta for.

Det same gjeld om vi skal jamføra statsbudsjettet for 2008 med budsjett frå både 10 og 20 år sidan. Budsjetta er annleis. Derimot vil det vera delte meiningar om finanspolitikken er betre. Av di folk meiner forskjellige ting om både skatte- og avgiftsnivå, løyvingar til bistand og til dømes øyremerking av pengar til kommunane. Politikken utviklar seg, men alle vil ikkje alltid lett einast om at politikken utviklar seg i retning av høgare kvalitet. Omgrepet er flytande, for omstridd – for politisert.

Samstundes er politikken innovativ. Opprettinga av folketrygda under Borten-regjeringa og Statens petroleumsfond er begge to døme på politiske reformer som peika framover – i samsvar med både tankar i tida og samfunnsmessige utfordringar.

Medvit og fantasi
Verken teknologi, kunst eller politikk er “sfærar” i samfunnet som lever uavhengige liv utan nærkontakt eller bortanfor skjeringsflater. Her eg sit ein sein kveldstime ved PC’en min. tenkjer eg: Kanskje kan derimot nettopp politikken tena på eit sterkare medvit om kvalitetsauke og kreativ skaparkraft. Di meir politikken pregar samfunnet, di viktigare vert det å reflektera rundt kva politikk er og korleis politikken kan verta ”betre” – i ei eller anna tyding. Då treng vi fantasi – vel vitande om at fantasi formar samfunnet stadig meir.