Historisk arkiv

Nye landsmenn viser veg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til aviser i landet 18.09.08.

Folketalet veks i alle fylke. Fyrst og fremst grunna innflytting frå utlandet: Innvandrarane viser korleis heile landet kan takast i bruk.
 
Ferske flyttetal frå Statistisk sentralbyrå fortel mange historier. For det fyrste har det aldri budd fleire i Noreg. Folketalet nærmar seg no 4,8 millionar. Så seint som i 1975 budde det fire millionar her. Innflytting frå utlandet står for brorparten av folkeveksten. Desse menneska slår seg ned i heile landet. Difor veks folketalet i alle fylka.
 
Over lang tid har nordmenn flytta frå landsbygda og inn til byane. Spesielt i økonomisk gode tider har denne sentraliseringa skote fart og auka på. Dei siste åra har den økonomiske veksten vore sterkare enn på 40 år - godt hjelpt av omfattande arbeidsinnvandring frå EØS-land. No går dei økonomiske oppgangstidene saman med ein folkeauke i stadig fleire delar av landet. Ikkje minst kan fleire kommunar i Distrikts-Noreg skilta med vekst i talet på innbyggjarar.
 
Politikarar skal ikkje fortelja folk kor dei skal bu. Men vi - styresmaktene - kan i alle fall vera med på å leggja til rette for at folk i størst mogleg grad kan bu der dei sjølve ynskjer. Denne valfridomen vert større, meir reell og meiningsfull dersom mange kommunar og fylke opplever vekst: økonomisk, kulturelt - og målt i talet på nyfødde og nyinnflytta. Såleis er det nye flyttemønsteret løfterikt. Det viser òg at distrikts- og regionalpolitikken til regjeringa trengst: det er viktig å gjera det mogleg å flytta til alle delar av landet dersom mange faktisk vil det.