Historisk arkiv

Nynorsk framtid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsråden heldt tala ved opninga av dei nynorske festspela i Ørsta 25.06.08.

Festspel er definert som ein serie av kunstnarlege tilskipingar. Oftast er dei òg regelmessige . Slik også Dei nynorske festspela. Presiseringa “nynorske” peikar likevel utover det kunstnarlege. Nynorsk er uløyseleg knytt til politikk og demokrati, lov og rett. Det galdt før. Det gjeld i dag. Og det vil gjelda i framtida - men på andre vis enn før, under andre vilkår.

Kva skjedde i Stortinget den 2. juni 1930? Då vedtok Odelstinget Mållova med 54 mot 52 røyster. Fleirtalet tilsvarte 50,9 prosent! Det var andre gongen Odelstinget gjekk inn for denne lova –  Lagtinget hadde først røysta henne ned. Tre dagar seinare – den 5. juni – endra Lagtinget meining, og lova tok til å gjelda den 1. januar 1931.

Den lova etablerte eit fast punkt: eit lovleg grunnlag for offentleg, kollektiv bruk av, og aksept for, nynorsk. Røystetala og lovgjevingsprosessen ber derimot òg vitne om sterk strid og harde tak.

Lova galdt for alle offentleg tilsette fødde etter 1. januar 1905. Slik fekk lova faktisk tilbakeverkande kraft! Først og fremst peika lova likevel framover: Mot ein situasjon der offentleg sektor – stat og kommune – ikkje berre pregar landet meir enn for 80 år sidan, men jamvel er viktige språkbrukarar og skriftprodusentar.

Kombinasjonen mållov og det offentlege si rolle i Noreg medverkar til at den nynorske skriftkulturen er meir utbreidd, står tryggare og er meir synleg enn nokosinne. Til grunn for dette ligg folkestyrt politikk: Folkeleg vilje til språk, demokratiske lovvedtak.

I 1930 balanserte fleirtalet for nynorsk på ein knivsegg. Då lova vart revidert i 1980, stod eit samrøystes Storting bak vedtaket. I førre veke handsama Stortinget Kommuneproposisjonen. For første gong har denne saka eit eige kapittel om nynorskbruken i kommunane. Alle parti – unnateke Framstegspartiet – stadfestar og sluttar seg til målet om språkleg jamstelling og betre vilkår for nynorsken. Sjølv om kvardagen kring i landet er ulik, fortel kommunal- og forvaltningskomiteen si innstilling at dei politiske rammevilkåra for nynorsken i dag er grunnfesta i breie fleirtal, djup semje.

(Ein parentes: Trass i brei semje, sprengkrafta i nynorsken kan brått dukka opp att!. For 10 år sidan fekk Bondevik I-regjeringa på plass 1000 kr pr månad i auka minstepensjon. I Sosialdepartementet måtte vi styrkja telefontenesta for å ta unna ein storm av rasande minstepensjonistar frå det sentrale Austlandet. Dei fekk nemleg denne gladsaka meddelt i eit personleg brev frå ein nynorsk-skrivande sosialminister!)

Dei nynorske festspela vert altså avvikla i ei tid då nynorsken er rettmessig akseptert som ein berande del av norsk kultur, språk og samfunn.

Det er så avgjort ikkje berre røystetal og namnlause politiske fleirtal som har gjort dette mogleg. Her, som på mange andre samfunnsområde, er eldsjelene, einskildpersonane, viktige! Den eine etter den andre. Ihuga målfolk, sympatiserande nynorskbrukarar og sympatiske medspelarar elles.
 
No må vi vidare! Vi må ta nye initiativ! Vi må bruka velviljen i samfunnet, dei gode rammevilkåra og den politiske og kunstnarlege krafta i nynorsken til å gjera denne skriftkulturen meir relevant og framtidsretta. Eg gledar meg til Språkmeldinga. Ho vert lagt fram fredag. Ei melding som fleirtalet i Stortinget førre periode ikkje vil ha, vart stadfesta i Soria Moria-erklæringa og vil no gje eit svært godt grunnlag for djupe ordskifte om framtida!

Språk vert viktigare år for år. Fleire kommuniserer meir. Informasjon, skrift og tale formar og pregar fleire liv enn før. Nynorsken er relevant av di han medverkar til språkleg medvit. Det er tankevekkjande i seg sjølv at nynorsken finst. Di sterkare nynorsken vert, di meir vil denne alternative norske skriftkulturen utfordra folk til å tenkja seg om – og tenkja over kva språk tyder og er i eit samfunn som vårt.

Framtida handlar alltid om barn og unge. På sikt gjer nynorsken òg det. Ein framtidsretta nynorsk handlar òg meir om hovudmål enn om sidemål: Språket kan berre leva som bruksspråk dersom barn og unge bruker det som sitt språk. Monaleg fleire med nynorsk som hovudmål enn sidemål føler, tenkjer og opplever det slik.

Korleis styrkja medvitet om dette mellom oppveksande slekter, korleis få dei minste til å kjenna seg stolte over den nynorske skriftkulturen, korleis få fleire unge til å våga å vera annleis enn det vaksne fleirtalet?

Det finst mange svar på desse spørsmåla. Kunnskap er eitt av dei. Innsikt i kva nynorsken er, korleis språket har forma det norske samfunnet, kvifor nynorsken trengst i framtida. Kunnskap om kor språket finst, kven som har kjempa nynorsken fram og kva utfordringar denne skriftkulturen står overfor. Hjelp til å oppdaga den nynorske skriftkulturen og verta deltakarar: skrivande, tenkjande og talande menneske.

Gode føredøme er eit anna svar. Trygge lærarar, lokalaviser med stødig språkføring, lokale folkevalde som er medvitne si eiga rolle som samfunnsutviklarar. Kommunaldepartementet skal stilla opp. Vi skal gjera det vi seier i Kommuneproposisjonen: Ei meir omfattande kartlegging av korleis det står til med bruk av nynorsk i kommunesektoren. 

Den første lova som kom på nynorsk, var Log um normaltid fyr kongeriket Norig i 1894. Lova gjeld framleis, ho avskaffa lokale tider: landet vart samla i tid.

Tidlegare låg til dømes Aust-Finnmark 1 time og 40 minutt framføre hovudstaden. Marius Hægstad var ordførar i saka, som vart handsama i Jernbanenemnda. Nett kommunikasjon – tog, telegrafi, skipsfart – kravde ei sams tidsoppfatning. På nynorsk!

Nynorsken høyrer med til den normale tida. Samstundes representerer språket ein annleis normalitet: folkeleg kraft, kjærleik og dugnad. Alt dette kjem òg til uttrykk her – i og ved det geografiske utgangspunktet for “det nynorske”. Normal og annleis: slik er nynorsken, slik bør han vera. Slik er vi kanskje dei fleste av oss?

Slik er òg Dei nynorske festspela. Her kan vi retta ryggen – og sjå oss fritt ikring. Takka vere Ivar Aasen. Og takka vere  utruleg mange andre ; lek og lærd om einannan, folkevalde og veljarar. 

Eg ynskjer dykk gode og minnerike dagar her. Som normalt! Men likevel annleis enn både i fjor og neste år!