Historisk arkiv

Olje og vatn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg til Haugesunds Avis 28.05.08.

Er staten flinkare til å forvalta oljeformuen enn kommunane er til å investera inntekter frå vasskraft?

Ekofisk-feltet vart oppdaga i 1969. Oljeeventyret i Nordsjøen byrja. Det tok likevel nær 30 år før staten tok til å spara inntekter frå olje- og gassutvinning i form av avsetningar til oljefondet; Statens pensjonsfond Utland.

I mange land fører ovstore inntekter frå naturressursar til konfliktar, korrupsjon og kaos. Kvifor? Djup, stundom etnisk, usemje om korleis inntektene skal fordelast og brukast kan vera ei viktig årsak til dette. Sjølv i meir “harmoniske”, demokratiske land kan det like fullt vera vanskeleg å tenkja langsiktig og forsiktig: Forvalta inntektene på eit vis som gjer at alle generasjonar får sin del, dessutan sjå til at forvaltninga går føre seg på eit trygt vis, utan for høg risiko for store tap.

Dette er ikkje lett – heller ikkje i Noreg. I 1904 oppretta Stortinget Statens reservefond; eit fond som skulle brukast i nasjonale nødssituasjonar. Til liks med oljefondet var midlane plasserte i utanlandske verdipapir: sikre obligasjonar mellom anna i Tyskland. Fondet vart jamvel skrive inn i Grunnlova for å verna det mot kortsiktige skiftande politiske stortingsfleirtal. Den første verdskrigen kom, verdien av investeringane fall kraftig og fondet vart oppheva i 1925.

Kommunal vasskraft
Mange kommunar engasjerte seg i utbygging av vassdrag og produksjon av elektrisk kraft i dei same 1920-åra. Somme stader gjekk dette over styr: Vatnet vart ei forbanning. “Ålfot-skandalen” er nemninga på kraftutbyggingssaka som førde Sogn og Fjordane fylke og fleire kommunar opp i den største økonomiske krisa nokosinne. Utbygginga vart mykje dyrare enn tenkt, inntektene frå sal av straum lågare enn planlagt. Dei kommunale eigarane måtte dekkja tapet gjennom slit, strev og ikkje minst dyre låneopptak. Enkelte av dei sleit sidan med gjeld  i heile 40 år etterpå. Berge Furre skriv i historieverket sitt om det 20. hundreåret at nettopp nybygde, kommunale kraftverk  var medverkande til økonomisk krise i mange kommunar på 1920-talet.

Eg vart statsråd rett før “Terra-skandalen” vart offentleg kjend og ei politisk utfordring. Igjen handlar det inntekter frå vasskraft, kommunale tap og – for somme av kommunane – store utfordringar med uheldige konsekvensar for innbyggjarane. Ein av kommunane var til  overmål  involvert i Ålfot-saka for meir enn 80 år sidan.

Krisa på 20-talet handla  meir om generelle nedgangstider enn kritikkverdig forvaltning av store inntekter. Delvis difor er Terra-saka òg meir avgrensa. Dei fleste vasskraftkommunane har forvalta pundet sitt utan problem og i samsvar med lov og regelverk. Kommunelova er nemleg tydeleg på dette feltet: Kommunane skal styra unna høg risiko når dei investerer. Kjernen i Terra-saka var derimot høg risiko, nett det som ramma Statens reservefond mellom 1914 og 1918.

Den menneskelege faktoren
Lover og forskrifter utviklar seg over tid – i samsvar med nye behov, ny lærdom og -stundom - bitre erfaringar. Det var ikkje mangelfull juss som var hovudtemaet verken  for Statens reservefond eller Terra-kommunane. Det er heller ikkje lova som regulerer oljefondet  som er den viktigaste forklaringa til at olje- og gassinntektene vert forvalta på eit etter måten trygt og framtidsretta vis.

Klok og langsiktig forvaltning av både statlege petroleumsinntekter og kommunale vasskraftinnkomer handlar også om menneske: Ryddige prosessar, open  debatt og ansvarlege vedtak. Om ikkje anna, så har Terra-saka kasta nytt lys over kor viktig dette er. Lokale folkevalde i slike kommunar, i slike saker har eit stort ansvar når det gjeld å forvalta midlane til lokalsamfunna – nett som Stortinget ikkje kan eller skal ta lett på ansvaret for sparing og investering av inntektene frå Nordsjøen.

I tillegg til ryddige tilbydarar ,  treng vi kort og godt både ei kritisk offentlegheit og vakne politikarar som vågar å stilla kritiske spørsmål, som tenkjer seg godt om, som tek den tida som det tek å finna fram til kloke svar. Til sjuande og sist vert både olje og vatn demokratisk forvalta og handtert av menneske. Alle kan gjera feil. Det viktige er å læra av slike. Det er òg ein lærdom vi kan trekkja ut or Terra-saka.