Historisk arkiv

Opning av Christianssand Protestfestival 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Opning av Christianssand Protestfestival 2008 og utdeling av Erik Byes Minnepris, 8. september 2008 i Kristiansand.

Opning av Christianssand Protestfestival 2008 og utdeling av Erik Bys Minnepris, 8. september 2008 i Kristiansand.

Opning

Gratulerer med dagen!

La meg aller først dela med dykk eit opprop frå Vikedal, ei bygd i Ryfylke, i 1905.
Det gjeld den føreståande folkeavrøystinga om Noreg framleis skal ha felles konge med Sverige.

”Det har været en stor skuffelse for mange fedrelandssinnede kvinner at de er utelukket fra at møde frem at give sin stemme ved denne leilighed. Thi frihed, fred og selvstendighed i Norge angår enhver af oss, mann og kvinde , lige meget”.
Kvinnene i Vikedal la ut lister på stader der folk samlast, t.d. på forretningane. Listene låg ute ei veke. Kvinner vart utfordra til anten å underskriva for norsk sjølvstende, eller levera eit eige brev, om det høvde betre.

Kvinnene i Vikedal forplikta seg på at underskriftene, protestane om vi vil, skulle overleverast til Regjeringa. Liknande skjedde over heile landet. Norske Kvinders Nationalråd leverte fleire hundre tusen underskrifter for oppløysing av unionen med Sverige.

Kva inneber protest i dag? Her kan ulike menneske ha ulike svar.
Det latinske protessari tyder eigentleg ”motsegn”, ”innsigelse”,”innvending”.
Ein protest er å markera i ord eller handling at ein er usamd i noko.
Protest bør også grunnleggjande koplast til demokrati.
Ein djup og brei rett til å protestera - utan frykt for vilkårleg og menneskeleg straff av noko slag.

Eg har fylgt Christianssand Protestfestival over tid.
Eg har hatt høve til, på nært hald, å oppleva korleis de ved ulike tema og arrangement gir den ”menige” mann og kvinne høve til å protestera, koma med innvendingar.

Men ikkje berre det. Mange av oss som deltek i ulike debattar her, vert utfordra til å tenkja ekstra etter, både før og etter. De har ei eiga evne både til å setja saman overskrifter og panel slik at det også hos oss sjølv bryt fram ein protest til det vi eigentleg forfektar av meiningar.

I år er toleranseomgrepet under lupa.
Toleranse,- eit ord som eigentleg betyr å bera, tola, halda ut, men som i dag vert utvida til å godta, leva side om side med ulike syn og meiningar.
Heimesidene dykkar fortel at festivalen skal vera ein protest mot det de kallar eit slapt toleranseomgrep.

Slapt toleranseomgrep? Det er viktig å tenkja over nett det.
Semje og konsensus på eitt område kan koma av at nokre standpunkt har fått mindre rom grunna overtydande motargument.

Likevel: Det er avvikande standpunkt, det er aktive og aktivistiske mindretal og ”sterke meiningar” som kan fylla toleranseomgrepet med innhald.
Eit demokrati treng fredsæl konflikt og djup usemje for å verta betre, levande og meir framtidsretta!

Eg byrja med kvinnene i Vikedal. Det er sterkt å stå her som kommunal- og regionalminister, vel vitande om at i mange land er det langt frå sjølvsagt at ei kvinne kan vera statsråd, og også vel vitande om at det framleis lever kvinner i Noreg som minnest då kvinnene fekk røysterett her.

Det er tankevekkjande at i 2008 har jenter og kvinner i mange land ikkje høve til å tenkja og meina fritt, ikkje høve til å leva liva sine slik dei ynskjer. Det lever kanskje også nokon i nabolaget vårt som ikkje ser det som sjølvsagt.
Eg har hatt ansvar for å arbeida fram ei stortingsmelding om lokaldemokratiet. I arbeidet med denne saka, gjekk det opp for meg at berre fire av ti unge under 26 år nytta røysteretten sin ved det siste valet. Det tyder at seks av ti under 26 år ikkje nytta seg av det formelle høvet vi har i demokratiet vårt til å seia frå, til å protestera og medverka til endring.

Eg vonar Protestfestivalen også kan medverka til at fleire ser verdien av å røysta, å la meiningane sine tilflyta lag, organisasjonar og politisk arbeid og også protestera der!

Med desse orda erklærer eg årets protestfestival for opna!
Lukke til!

 

Erik Byes Minnepris

Ladies and gentlemen!

Please allow me to begin by congratulating Cindy Sheehan on being awarded this year`s “Erik Byes minnepris”.

As is well known, recipients of this award are required to possess and express the courage to go against the tide, to speak up for what they believe in.
Also, winners of “Erik Byes minnepris” must have made efforts in order to improve the conditions for justice and peace.

Although we have different opinions on certain aspects of politics, and on methods as well, I as a woman and as a mother admire Cindy Sheehan’s commitment and her courage.

Freedom of speech is one of the cornerstones of democracy. It is a prerequisite of a free society. Without it, control of power is rendered more difficult, costly and perhaps even dangerous. Without freedom of speech, new ideas, novel thoughts, visions and reforms may never be known nor stand any chance of succeeding in being implemented.

The great English philosopher, economist and politician, John Stuart Mill, published his essay On Liberty in 1859. There he stated the following point rather succinctly:
“If all mankind minus one were of one opinion, mankind would be no more justified in silencing that one person than he, if he had the power, would be justified in silencing mankind.”

In other words: Freedom of speech is both vital and fundamental in a free, democratic society. Nonetheless, the principle comes into force, as it were, provided there is dissent, opposing views and peaceful competition amongst ideas.
Today Cindy Sheehan, first and foremost, stands out as an individual who has exercised her constitutional right to protest, to utter controversial opinions and to advance her points of view on important matters: war, peace and justice. Today she is being honoured for her endeavours in this regard.

Once again, congratulations!

Thank you kindly for your attention.